Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2008

Breva frå H. Øvreås
Torsdag 30.

Viktig sanseorgan
Tirsdag 14.

Jacques Brel heile veka
Mandag 13.

Eg kjem med toget
Torsdag 9.

Mama mia Meryl Streep
Fredag 3.

Torsdag 30. Oktober 2008

Breva frå H. Øvreås

Det hender at bøker tar vegen gjennom postverket til postdunken min på stativet. Dette kan vere spennande. Somme gonger er avsendar ein skrivande person som eg ikkje kjenner, men som har ei bok på hjartet - . Og eg er ingen bokmeldar i f.eks Aftenposten, men det hender likevel at eg skriv nokre ord i nettspaltene mine om nye dikt.

Avstanden mellom hus er i alle høve ein utfordrande tittel, ettersom eg sjølv har skrivi ei bok som eg kalte Eit hus mellom andre. Forfattaren, Håkon Øvreås, vender seg til lesaren på mange - og på delvis nokså ukonvensjonelle - måtar. Dette er brev som landar. For eksempel slik ein av helsingane til den dikta personen Doris landar hos diktmottakaren, i Hvordan leve livet (i Bergen):


Du må leve livet med daiene, Doris!
En verden av blikk lar deg seile
gjennom, fra gatelangs
til veggpryd. Men Doris, ikke glem
å være god mot dine fingre:
Pølserunde
smil langs gaten, daiene som disser
du og du, Doris, du lever
og lar blikkene fra Ugla følge deg
rundt hushjørner
langs bryggekanten
opp og inn i Sydneshaugens vakre
brusete hårvekst. La verden være din,
Doris. Lev livet vuggende, vuggende på Doris'
vis.

Teksten over (= s 16) kunne vori inspirert av bergenske Stig Holmås. Likevel skal Håkon Øvreås - som er debutant i haust - vere særskilt opptatt av poeten Arild Nyquist. På baksida av den nye boka har forlaget plassert påstanden: «Diktene fremholder en stemning og en tilstand gjennom en direkte og liketil beskrivelse av den ytre verden.» Dette verkar presist uttrykt for meg. Akkurat: (...) direkte og liketil skildring av den ytre verda, boka fortener ein slik merkelapp. Ikkje dårleg.


Ps: Jørgen Brynhildsvoll i Universitas seier noko om komposisjonen i denne boka.