|
Viktig sanseorgan
Tirsdag 14. Oktober 2008 |
|
|
Alt du bør vite om synet ditt? Ein katalog med denne tittelen ramla ned i postkassa mi. Det skal vere informasjonsmøter om syn over heile landet 22.oktober. Mange bør nytte sjansen til å søke dit.
Det som i første omgang fanga merksemda mi, var ei overskrift i heftet, «Øynene - vårt viktigste sanseorgan». Denne oppfatta eg, ut ifrå mine røynsler i livet, som ein påstand. Er auga viktigare enn hørselen, og dei andre sansane? Heftet nemner kroppsspråk og blikk. Men blir vi tung-høyrde - , finst det ikkje da så mange døme på folk som missar kontakt og trekkjer seg vekk frå stort sosialt liv?
Eg tykkjer Blindeforbundet gjer ein svært så dyktig jobb. Men når det gjeld sansane våre i det heile, så er det mi oppleving at sansane først og fremst hjelper kvarandre. Og dette skal eg tenkje på vidare og komme tilbake til. I ein del II.
|
|
|
|
|
|