Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2008

Breva frå H. Øvreås
Torsdag 30.

Viktig sanseorgan
Tirsdag 14.

Jacques Brel heile veka
Mandag 13.

Eg kjem med toget
Torsdag 9.

Mama mia Meryl Streep
Fredag 3.

Torsdag 9. Oktober 2008

Eg kjem med toget

Etter romandebut for eit par år sidan kjem Ingrid Z.Aanestad med eit framhald i år, i den same enkle og poetiske stilen, her er så opninga. Eg får lyst til å sitere eit lengre avsnitt:

Eg kjem med toget. Eli møter meg på stasjonen i den vesle byen, det er fleire år sidan sist me såg kvarandre. Ho har farga håret svart, elles er ho seg sjølv lik i kåpe og snørstøvlettar. Etter at me har klemt kvarandre, kjenner ho med handa over det korte håret mitt, seier at dette hadde ho ikkje trudd.

At eg var modig nok? seier eg.

Er det ikkje kaldt med så kort hår om vinteren? seier ho.

Eli viser meg til parkeringsplassen og den kvite poloen ho køyrer. Eg lempar sekken min i bagasjerommet og set meg inn ved sida av henne i framsetet. Ho gjer fleire forsøk før ho får start på bilen og køyrer ut frå parkeringsplassen, ut av bykjernen. Skyene heng lågt, det er regn i lufta. Ho ler og seier at byen blei kåra til ein av dei styggaste i landet for nokre år sidan.

Eg får bu i huset hennar, ho seier at det er i orden, at eg kan bu der så lenge eg vil.(...)

Korleis ber dette av stad.. Eli og eg i romanen er to unge, ikkje etablerte, kvinner. Og det er livet deira som romanen skal handle om. Eg i romanen minner om Maria i debutromanen, I dag er ein fin dag . Men denne nye romanen frå Aanestad er faktisk meir fortetta og meir poetisk - og endar, denne gongen, meir rett på, avgjerande - . Tittel er tatt frå opningsorda: Eg kjem med toget. Forlag er (som sist): Oktober. Ein blink for lesarane!

Les eit inttervju som Dagsavisen (ved Gerd Elin Stava Sandve) tok med forfattaren 19.august 2008 .




Ps 12.nov.08: Eg kjem med toget har fått ei god mottaking .