Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2008

Kuiper med collager
Tirsdag 30.

Stein Mehren: Ordre
Søndag 28.

Profil - Attåt - Thörn
Onsdag 24.

Alle fugler små de
Tirsdag 23.

Forfattarsentrum
Søndag 21.

Tidsskriftdagen 2008
Mandag 15.

Hunden som person
Tirsdag 9.

Mandag 15. September 2008

Tidsskriftdagen 2008

blir i Litteraturhuset, Oslo, laurdag 20. spetember. Dette er nok inga rein salsmesse, men lagt opp som interessante debattar om «arenaer», om ideologi og også om etikk. Samlesitat tatt frå arrangøren:
«Her blir det foredrag, debatter og et marked der tidsskrifter, trykkerier og designbyråer får anledning til å vise seg fram. Lawen Mohtadi, fersk redaktør i det svenske feministtidsskriftet bang, kommer. Tidligere redaktør Helge Rykkja kommer for å snakke om Profil. Det blir panelsamtale om ideologisk tidsskriftjournalistikk, tidsskriftdesign og konkrete tips om hvordan man kan bruke tidsskrift i undervisningsøyemed. Dessuten blir det smørbukkarrangement for de aller minste og mye, mye mer.»
Her er programmet i Litteraturhuset den dagen.



Ps 21/9 (dagen etter tidsskriftdagen)

Om Profil-posten på programmet er å seie at begge innleiarane, Helge Rykkja og Bendik Wold, tok utgangspunkt i, og bygde på, Jahn Thons doktorarbeid og bok om tidsskriftet Profil sine ulike fasar, aller mest dei to fasane, forfattartidsskriftet 1966-1968 og avantgarden sitt tidsskrift 1968/69. Skilnaden på desse fasane er prisippielt to heilt ulike prosjekt, ifølgje Jahn Thon, forfattartidsskriftet ønska berre å tøye den litterære institusjonen, medan avantgarden ønska å sprenge den same litterære institusjonen.

Ved hjelp av døme prøvde Helge Rykkja, som var med i Profil på 1960-talet, å modifisere denne djupe prinsippielle skilnaden i praksis mellom 1966/67 og 1968/69. Bendik Wold, som tidlegare har vore medarbeidar i Morgenbladet og i Klassekampen og no er gründer i Flamme forlag, framheva Jan Erik Volds bakgrunn og rolle som byggestein i kultur-politikken. Og han la vekt på det kollektive Profil i 1966 (med Obrestad og Vold m.fl). Til slutt så skildra Bendik Wold byrjinga på ein notidig tendens UT av institusjonane. (Kanskje i slekt med noko i fasen Profil 1968?)

Og ein får vel rekne med at innlegga til Helge Rykkja og Bendik Wold blir skrivne ut og kan lesast ein stad. Kristine Isaksen var programleiar for arrangementet.

Paal Bjelke Andersen i det nye forlaget Attåt hadde sørga for at det låg føre eit opptrykk av Profil nr 3/4 1969 til tidsskriftdagen. Kvifor? Dette nummeret av tidsskriftet utførte det kunststykket å gjere norsk vegplan til «litteratur». Det går rykte om at det er debatt om dette nummeret av avantgardens sitt Profil på det lukka forumet «Underskog». Paal Bjelke Andersen siterte følgjande avsnitt frå Profil frå talarstolen i Litteratur-huset:

Det er ingen kvalitativ motsetning mellom de interessene som står bak Gyldendal Norsk Forlag, for eksempel, og de interessene som styrer utbygginga av veinettet. Når vurderinga av kvaliteten i en roman skjer tilsynelatende uavhengig av saksbehandlingene i Samferdselsdepartementet, må dette ses i sammenheng med arbeidsdelinga som blant annet har skapt skinnbegrepene “kulturpolitikk” og “samferdselspolitikk”. I virkeligheten er det de samme verdinormene som legges til grunn for vurderingene: romanen og saka i departementet er underlagt de kreftene som opprettholder og styrker kapital-maktas interesser.