Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2008

Diktsjangren 2008
Søndag 31.

Småforlag møtest på laurdag
Fredag 22.

Olav H.Hauge
Mandag 18.

Nettstaden fraa Polen
Tirsdag 12.

8-talet i dag
Fredag 8.

Ein bodskap om fred?
Torsdag 7.

Mandag 18. August 2008

Olav H.Hauge

Olav H.Hauge ville vori 100 år om han hadde levd - denne dagen. Hauge inspirerte mange menneske med dikta sine. Han gjorde eit djupt inntrykk på den yngre generasjonen av menneske som las Dropar i austanvind i 1966. Ikkje minst så fann tingdikta i denne boka - saman med den likeframme seiemåten der og det filosofiske innhaldet - grobotn hos ein generasjon på veg til eit aukande ungdomsopprør...

No kan ein saktens diskutere om den neste - og siste - diktsamlinga til Hauge, Spør vinden (frå 1971), var veikare enn Dropar i austanvind. Og dette vil vel bli gjort. Men dei relativt få bøkene til Olav H.Hauge, alle seks, klarer seg greit likevel.

Her er titteldiktet i Spør vinden:

Spør vinden,
helst han tusul.
Han fer vide,
og kjem ofte att
med gode svar.


Og her har eg så filosofert noko kring diktarlagnaden til Olav H.Hauge



Ps 19/9-08:
Forlaget til Olav H.Hauge har i år, 2008, gjeve ut «dikt i samling» - i ei hendig og billeg paperback-utgåve. Slik, med ei fersk utgåve, kan nokon og einkvar bla og lese i boka og få eit inntrykk av forfattarskapen, på nytt eventuelt. Det som slo meg denne gongen, er at i diktspråket hans er det ein arbeidsmann som snakkar. Dette kjem fram både i ordval, i seiemåte, og i omgrep og ting frå livet. Og dette trekket ved dikta finn ein frå første stund og utover vidare i forfattarskapen. Andre har sagt liknande ting om Hauge før, om Hauge som arbeidsmann, m.a Arnljot Eggen (frå ei bok med Olav H.Hauge som hovudtema, og ein gong i 1970-åra, hugsar eg, hendte det).

Her er fire yngre forfattarar/lesarar sine røynsler og leseråd når det gjeld diktaren Olav H. Hauge . Det er E.Nødtvedt, det er H.Myklebust, det er M.Høvring, og det er Joar Tiberg. (Saksa og lånt av meg frå Bergen off. bibliotek.)

* Bergen off. bibliotek har også gode og balanserte opplysningar om dei enkelte verka til Olav H.Hauge, presentert verk for verk . Dette viser ein sterk litterær kompetanse i enkelte offentlege bibliotek. Biblikoteka kan langt på veg matche både forlag og aviser og universitet.