Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2008

Diktsjangren 2008
Søndag 31.

Småforlag møtest på laurdag
Fredag 22.

Olav H.Hauge
Mandag 18.

Nettstaden fraa Polen
Tirsdag 12.

8-talet i dag
Fredag 8.

Ein bodskap om fred?
Torsdag 7.

Tirsdag 12. August 2008

Nettstaden fraa Polen

Nettstaden er til tider i utlandet, denne gongen i Polen med gruppa Godfoten, inkl. kjaerasten min. No berre litt om det faktumet at jorda er rund. Det er slett ikkje rart at polakkane tidleg innsaag at jorda er rund. Polen er nemleg saapass «flat» alle stader at ein ser berre 1000 m i kvar lei. Polen ser svaert liten ut, ekstremt liten ut, faktisk, dersom ein trur at jorda er flat.

Vi kan tale om den polske geistlege astronomen Nikolaus Kopernikus...


Diktsidene var i Polen også for 2 1/2 aar sidan, den gongen var det med ungdommar og Aktive Fredsreiser .

Eit fint ord i Polen er Dobche. Eg legg ei lenke til Elsa Kvammes song «Hadde det enda vaert paa polsk!»



Ps 19/8, i Noreg: Da eg var i Polen sist, for 2 1/2 år sidan, var det den imponerande byen Krakow og dei redslefulle utryddingsleirane som var tema. Denne gongen heldt selskapet mitt seg ofte i to mindre byar, Oborniki og Szamotuly, lokaliserte nokre få mil nordafor storbyen Poznan, og vi fekk med oss bl.a to svære tadisjonelle polske bryllup og litt av det vanlege moderne livet i Polen.

Livet blir modernisert. Men framleis er det uregelrett og fårleg fart på bilkøyring, framleis er det ein nokså utbreidd svart økonomi (jamført med skandinavisk standard). Ein annan ting: I Polen (med tal tatt pr 2001 frå svenske Utrikespolitiska Institutet) er heile 98,7 % polakkar, altså har Polen ein sjeldant homogen folkesetnad.

På reisa vår såg vi mest ikkje farga folk i det heile, til dømes. Jødane blei eliminerte under krigen, noko alle veit. Nazistane sto for dette. Korfor er da mange polakkar framleis så ivrige med jødevitsar som er negative generaliseringar av jødar? 95 % av folket er romerske katolikkar, dette er heilt uvanleg komogent.

Her er solide og enkle opplysningar på wikipedia om demografi og om religion.