Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2008

Paris er bitte liten
Søndag 27.

sekstitalskjensler
Torsdag 17.

Poesi-slam på Gvarv
Tirsdag 8.

Sie Gubba og Springsteen
Mandag 7.

Leonard Cohen i Noreg
Tirsdag 1.

Søndag 27. Juli 2008

Paris er bitte liten

Paris vaut bien une messe, sa kong Henrik IV. Eller: «Paris er vel ei messe verd.» Eg reknar med at de kjenner til soga om Henrik som let seg døype katolsk.

I dag blir Tour de France avslutta med innspurt i Paris’ gater. Men la oss gå over til dikt: Eg har fått tak i lommeformatet Petit anthologie de la poésie francaise, 100 franske dikt, ordna etter tema, på fransk vis slik: De l’amour, De la tendresse (ømt), Du desir (ønsket), De la passion, De l’emotion, De l’humour, De la mélancolie, De la nostalgie, Du souvenir, Du destin (skjebnen)... Antologien er gjeve ut året 2006.

Eg ser at mange av poetane representerte er avlidne - og sikkert dertil gravlagde - i byen Paris. Fødde i Paris er t.d: Villon (i 1431), Baudelaire (i 1821), Mallarmé (i 1842), Aragon (i 1897). Men avlidne er t.d: Corneille (1684), de La Fontaine (1695), Racine (1699), Hugo (1885) Nerval (1855), Verlaine (1896), Valéry (1945), Apollinaire (1918), Eluard (1952), Char (1988).

Under rubrikken De l’humour blir så dikt av Jaques Prévert: Pour faire le portrait d’un oiseau (oiseau=fugl) plassert... I si tid skreiv Prévert eit essayistisk dikt med norsk tittel Paris er bitte liten. Diktet lyder slik, i Annie Riis si omsetjing:

Paris er bitte liten
Det er det som gjør den stor
Der møtes hele verden
Der møtes også fjell
Det var endog engang et fjell
som fødte en mus i Paris.

Og parken Fjellmus
Parc Montsouris
ble gartnernes hyllest til musa

Det er det som gjør den stor
at Paris er bitte liten.


Kva er temaet her? Litt l'amour? Eg har ikkje den franske diktoriginalen framfor meg: Paris est tout petit, frå 1951... Tema, ja. Å lese dikt etter tema er for tida noko som interesserer meg spesielt. Denne lesemåten fordrar eldre tradisjon, men han blei svært lite brukt nokre tiår hos oss her i gamlelandet når det gjeld ferske dikt. Dei siste par åra har likevel metoden å organisere og lese dikt etter tema brått kommi tilbake, utan at rekkjevidda av dette er blitt gjort særleg klårt.





- - -
Ps 2.august: Eg blei nysgjerrig på Prévert sin franske originaltekst, ikkje fordi eg er så god i fransk, men likevel, og eg fann den franske teksten på nettet, saman med eit krigsbilete . Antikrig (og fred) er eit av Jacques Prévert sine vedhaldande store tema i poesien. Her er teksten som eg fann der:

Paris est tout petit
C’est la sa vraie grandeur
Tout le monde s’y rencontre
Les montagnes aussi
Meme un beau jour l’une d’elles
Accoucha d’une souris

Alors en son honneur
Les jardiniers tracerent
Le parc Montsouris
C'est la sa vraie grandeur
Paris est tout petit