|
Sie Gubba og Springsteen
Mandag 7. Juli 2008 |
|
|
På den siste dagen i finveret hadde Tåtøy Vel henta hit ei framgangsrik trøndergruppe til utefest på skoletomta, der det er ein utescene. Gruppa Sie Gubba skapte fest og trønderrock, med reel-rytmar og fele, cowboy-hattar hos delar av publikum. Dei skal ha 40 konsertar i sommar, såg eg på ei nettside. Elles var vi på festen og prøvde også asfaltdansen.
Sie Gubba er opphavleg frå Ålen, fjellbygd i Sør-Trøndelag, der dei blei etablerte i 1995 og er kjende blant anna for Fjellrypa, med teksten:
E kainn kåmmå på deinn gången du va mi
Såmmår`n vara evig, å kveill`n deinn va lang
No når natta kjæm, å alt det e`forbi
Ferr du sa det, ja du sa det
Men e lure på om du nå gång vil kåmmå att..
Å bestandig ska e kåmmå på deinn gången
E å du va sammen-ja vi va
Å bestandig ska e kåmmå på deinn gången
Du va nydelig, du minna me om fjellrypa..
E kainn kåmmå på deinn gången vi va to
Sola skjen bestandig, å vi gjekk hainn i hainn
Så resste du te`by`n, det e`lenge sea no
Ferr du sa det, ja du sa det
Men e lure på om du nå gång vil kåmmå att..
Å bestandig ska e kåmmå på deinn gången
E å du va sammen-ja vi va
Å bestandig ska e kåmmå på deinn gången
Du va nydelig, du minna me om fjellrypa..
Melodi og musikkstil og anna får du her, på You Tube ... Laurdag kveld la dei inn ein låt av Bruce Springsteen, sidan han spelar i Noreg i kveld og kanskje også fordi Springsteen og den faste gruppa hans starta som «garasjeband» i si tid og har fleire ting sams med Sie Gubba.
Her er Sånn e live - som også er tittel på Sie Gubba si kjende live-plata frå 2008.
Tilbake til US: Som ein liten kontrast - og orsak meg - her er Woodstock 1969 og Jimi Hendrix sin versjon av The Star Springled Banner .
|
|
|
|
|
|