|
Folkeopplysning i postkassene
Mandag 30. Juni 2008 |
|
|
Statens vegvesen, Region sør, har gjort noko så sjeldan som å putte fine informasjonsblad, som faktisk ikkje er reklame, i postkassene hos folk i Region sør.
Dei dreier seg om moro-temaet sykkelglede. "(...) Sykling tilhører den kategorien av livets små, gode og nære ting som er aller lettest til-gjengelig, aller nærest så å si (...). Dette blir Erlend Loe sitert på, på baksida av bladet.
Alle husstandar i 5 fylke blir tilgodesett. Sykkelbyane er så: Mandal, Grimstad, Notodden, Sandefjord og Kongsberg. Og Nordahl Grieg er med, det byrjar slik (og det er dei beste verslinene i diktet, tykkjer eg, sjølv om framhaldet er flott):
Det glitrer blankt i et sykkelstyre.
Nu er det juni og heggeduft.
Og unge jenter har tynne tøier
imellom sig og den lyse luft.
Unge jenter, ja - men ikkje berre unge jenter har tynt tøy mellom seg og den lyse lufta no. Og akkurat i dag er det den siste dagen av juni, med god aukande sommartemperatur i sikte over eit stort område av Noreg, høyrer vi.
|
|
|
|
|
|