| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Des 2004
Nytt år
Onsdag 22.
Ny bokmelding av Slutningar
Lørdag 11.
Kjøpe bok av Helge Rykkja? Postsal
Tirsdag 7.
Grep om forfattarskapet?
Søndag 5.
Påminning
Onsdag 1.
Onsdag 1. Desember 2004
Påminning
Hugs at eg skal lese i Det norske teaterets hall på laurdag kl 12, på det som blir kalla «Lunsj og lyrikk» (det er kafe der), ei opplesing på ca eit kvarter (etter å ha blitt introdusert av Aschehougs Ivar Havnevik). Eg skal lese frå årets «Slutningar til knes» og iallfall bruke (men har ikkje endeleg bestemt meg) dikta: Vi nektar oss ingenting (s 13), to gode sjansar (s 97), essay for inngifta (s 68). Deretter veksle mellom titlar som: å bli forstått (s 33), frå ein benk (s 14), blomar, bensin og spleen (s 82) , ein brist ved sjukdom (s 59), rakt skogstre (s 62), det er alle dikt eg ikkje har lesi opp før, for å forfölgje planen min for denne hausten. Og dertil kanskje bruke: på parketten i godt lag (s 15), kanskje avslutte med «øve med hender» (s 70), som eg las på 8.mars i Kragerø. Diktet om Stein Mehren er også aktuelt, sidan han blei innstilt til Nordisk Råds litteraturpris, noko eg stöttar.
PS 6/12: A propos Stein Mehren - sjå elles Nytt side 9: 1960-åra inne igjen?
PS 6/12: A propos Stein Mehren - sjå elles Nytt side 9: 1960-åra inne igjen?