|
Poesiterapi gjennom eit liv
Søndag 22. Juni 2008 |
|
|
Poet Helge Torvund gjer opp status gjennom rapportboka «Sjelsord»; «sjelsord» er eit nylaga ord som skal fange inn både poesi og hypnose-terapi. Ja, for Helge Torvund har mange utgjevingar av dikt på samvitet etter debut i 1977. Og i alle år har han også jobba som psykolog rusta med samtaleterapi og hypnose.
Kanskje er han likevel mest kjend som allsidig diktlærar på Dagbladet sin store nettstad for diktskrivarar, Diktkammeret . I Sjelsord imponerer forfattaren oss med liketil forteljarevne, og han interesserer oss med overtydande jamføring mellom poesi, (sjølv)hypnose og anna terapi av ulike slag. Ikkje minst er det velgjerande å møte ein lærd person med eit likeframt og respektfullt menneskesyn i kvardagen. Dette er ei bok å ta med på stranda eller på verandaen. Dette er ei lettlesi bok i rapport-form, frå ein som har mykje solid jobbrøynsle å melde frå om - til ein ordinær lesar, det skulle eg tru. Mange set pris på slik forteljarevne som Helge Torvund tar fram i boka.
I spalta Tilbakemelding har eg meir om boka og om Diktkammeret (19/5) - og eg har plassert lenker til to avismeldingar.
|
|
|
|
|
|