Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Al-Kubaisi på festival om søppel
  Tirsdag 17. Juni 2008
Walid Al-Kubaisi ga til beste sine arabiskinspirerte dikt på norsk - ute på Skåtøy 5. juni. Dette var første dag av Den norske filosofifestivalen i Kragerø... Mange kjenner artiklane til Al-Kubaisi, gjennom aviser og gjennom tidsskrift. Og somme som eg veit om, har lesi prosasamlinga Norske poteter og postmodernistiske negre, med ei tillagt forklåring: «Kulturelle kollisjoner og misforståelser. Essays.»

Al-Kubaisi (født 1958 i Bagdad) kom til Noreg som politisk flyktning i 1986, kom frå ein av dei aller mest kjende arabiske familiane. Og eg, som hyra konferansier på festivalens litterære arrangement, eg introduserte han som ein person som «hadde levd 2 liv». (Dette var i kontrast til dei tre forfattarane den kvelden som alle var fødde i 1974.) Eg sa vel også at «Walid ønsker seg å oppdra både nordmenn og innvandrarar».. Eit sær-kjenne ved den utvikla essayforma hans er rike velformulerte røynsler skapte som forteljingar. Han kalte meg etter kvart for bror, etter somme improviserte teatralske «kollisjonar» mellom artist og konferansier. (Slikt høyrer nok sjangren til.)

Og så byrja han på dikta sine, med kommentarar imellom. Og kvifor seier eg arabiskinspirerte? Det var på grunn av songen og rytmen, på grunn av ein sjenerøs ordbruk. Dette tok Al-Kubaisi fram utan å lese i noka oppslått bok. Tema for det heile: framandfrykt, dvs eit slags «kulturelt søppel» kanskje? Festivalen i år sitt tema var «søppel».



Her er ein oversikt over verker . På lista over bokutgjevingar så kjem også Norske poteter og postmodernistiske negre (2000). Kulturbro Forlag.

Heile den lange tittelen på filosofifestivalen er: På kanten. Den norske filosofifestivalen i Kragerø.



Nytt Jun 2008:

Folkeopplysning i postkassene
Mandag 30.

Tekster om alders reduksjon
Tirsdag 24.

Poesiterapi gjennom eit liv
Søndag 22.

Al-Kubaisi på festival om søppel
Tirsdag 17.

Søppel og sommarfuglar
Lørdag 7.

Caroline Bergvall om lydbøker
Tirsdag 3.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn