Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Kommunismen og Brand
  Lørdag 24. Mai 2008
Kva rolle kan skjønnlitterær praksis ha i samfunnet si ideologiske utvikling? Dei siste dagane ser vi ein peikepinne av eit svar. Under trykket av samtida sin liberalisme og pengeidologi vedkjenner for-fattaren Dag Solstad seg igjen ein kommunistisk ideologi. Dette skjer via stort essay, der hovudinnhaldet er ein litterær historisk gjennom-gang av skjebnen til Ibsens idédrama Brand frå 1866.

Essayet er trykt i Klassekampen 22.mai og i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift. Og essayet er opphavleg tinga av Festspela i Bergen, og det har alt fått kommentarar frå forfattarar, regissørar og forskarar, samt frå Jonas Gahr Støre og Harald Stanghelle. Så Solstads manøver vil bli lagt merke til i vide krinsar, tippar eg. Og ideologisk debatt vil få fornya interesse.


Nytt Mai 2008:

Filosofiske vers
Mandag 26.

Kommunismen og Brand
Lørdag 24.

Paal-Helge Haugen sine fire
Tirsdag 13.

Inger Christensen til Ny-Hellesund
Søndag 11.

Europa brenn og brenn!
Torsdag 1.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn