|
Inger Christensen til Ny-Hellesund
Søndag 11. Mai 2008 |
|
|
Den danske lyrikaren Inger Christensen kjem til eit arrangement på Ny-Hellesund 8.juni i år. Ny-Hellesund er både øysamfunn og kultursenter, det ligg utanfor Søgne... Poesien til Inger Christensen omtalte eg som systemdikt på denne nettstaden, da ei utgåve av hennar Samlede digte kom ut i året 2001. Christensen er fødd i 1935.
Prøv Ny-Hellesund .
Artikkelen om Inger Christensen var den tredje artikkelen som eg la ut på denne nettstaden. Eg har aldri, til denne tid, møtt Inger Christensen, eller for den del høyrt henne... Når eg veit noko meir om arrangementet 8.juni, skal eg da opplyse om det her.
Ps fleire opplysningar (26/5): «Lyrisk søndag» i Ny-Hellesund 8.juni kl 13-16... Eg siterer no frå ein plakat med Inger Christensen sitt bilete på: «Buss nr 40 frå rutebilstasjonen i Kristiansand til Høllen. Båt frå Høllen kl 12.30, retur frå Ny-Hellesund kl 16.15.» Det var tidspunkta, med viktig transport.
Vidare: Strykekvartett fra Kristiansand symfoniorkester. Servering av mat og drikke, sal av bøker. Inngang kr 150.- Arrangør er Foreningen skolehuset i Ny-Hellesund. Velkommen!
Den unge forfattaren Ingrid Z. Aanestad seier: Det er ein sensasjon at Inger Christensen kjem.
|
|
|
|
|
|