Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2008

Filosofiske vers
Mandag 26.

Kommunismen og Brand
Lørdag 24.

Paal-Helge Haugen sine fire
Tirsdag 13.

Inger Christensen til Ny-Hellesund
Søndag 11.

Europa brenn og brenn!
Torsdag 1.

Torsdag 1. Mai 2008

Europa brenn og brenn!

Denne morgonen høyrde eg diktaren Arnulf Øverland lese sitt eige dikt Du må ikke sove, i eit arkivopptak. Eg veit av røynsle at ungdom i dag liker dette diktet, fordi det er så solid, så oppbygd og så fylt ut... Og når forfattaren sjølv les språket og samstundes legg vekt på samanhengen i det lange diktet, blir det ei stor oppleving å høyre det i radio, ei sjeldan kjensle av kunsten å sjå gjennom illusjon og bryte alle bortforklåringar kring demokrati og nazisme.



Diktet blei gjevi ut i bokform i ei uroleg tid, i 1937, i Den røde fane. Les det. Her ligg diktet ute på nettet . Men vil du heller lese dette storslegne diktet mot vanleg kvit og roleg bakgrunn, så kan du bruke denne lenka .



Ps 3/7-08: Her er fleire ulike og vektige vitnemål i Dagbladet om kor sterkt diktet står.