|
Gratis kultur?
Søndag 27. April 2008 |
|
|
Dette er eit dikt utan namn. Men kven har skrive diktet? Ei dame må ha skrive det, og det er ikkje sikkert at ho er norsk heller -
Dikting og kjærleik krev tolmod. Kjærleik er venting og
snitt i hud. Dikting er snitt i hud og venting. Og begge ei
pine av nattevake for nokre dropar sevje...
Denne kostbare, duftande safta som dryp så sakte, så
sakte, mens sol eller snøføyke fortærer toppane på furua.
Her forleden var eg på nytt innom folkebiblioteket mitt, det er ikkje så heilt sjeldan at eg går dit faktisk, og så var det utsal igjen, utsal som straks blei marknadsført overfor meg, både bøker og cd-musikk. Vel, denne gongen var det «dublettane»... Og når prisen er på 10 kr pr stk, så er varene på det nærmaste gratis. Meir enn varer er det snakk om «kulturen ut til folket», kulturen ut til alle dei som set pris på han, t.d lyrikken, som elles kan oppta lagerplass.
Og eg kjøpte da cd-en med Maj Sønstevolds Aurora Contemorary 1991 og tok ei handfull av Gunvor Hofmos 1970tals-utgjeving. Meir om dette sidan... Dessutan kjøpte eg boka der diktet som blei sitert innleingsvis, sto (på side 67). Og det er skrivi av den dåverande 51-årige Dulce Maria Loynaz (ei som budde på Cuba stort sett heile livet sitt frå 1902 til 1996). Medan vi er inne på tema kjærleik, så vil eg gjerne få sitere eit dikt til av Dulce Maria Loynaz, men eit dikt skrive mykje tidlegare enn diktet over utan namn:
VISS DU ELSKAR MEG,
ELSK HEILE MEG
Viss du elskar meg, elsk heile meg,
ikkje i soner av lys eller skugge...
Viss du elskar meg, elsk meg svart
og kvit. Og grå, grøn, blond,
mørk...
Elsk meg dag,
elsk meg natt...
Elsk meg ein tidleg morgon for ope glas!
Viss du elskar meg, del meg ikkje opp:
Elsk heile meg... Eller elsk meg ikkje!
Love me or leave me and let me be lonely. Men ikkje gløym at diktet er Cuba. Kor mykje omsetjaren, Tove Bakke, har tatt omsyn til at dette er Cuba, veit eg rett og slett ikkje. Men eg vil iallfall tilrå boka, som kjøp eller som lån. Gratis kultur.
Same omsetjar, altså Tove Bakke, ho har nyleg gjort dyktig chilenaren Gabriela Mistral , noko som er like mykje eit poeng for Nytt-spalta.
|
|
|
|
|
|