| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Apr 2008
Lars Vilks på Jomfruland
Onsdag 30.
Gratis kultur?
Søndag 27.
Internasjonal bokdag
Tirsdag 22.
Klassisk islandsk modernist
Tirsdag 22.
Bøygen tidsskrift
Lørdag 12.
Norsk avantgarde
Fredag 11.
Tirsdag 22. April 2008
Klassisk islandsk modernist
Han er ikkje ein ny poet, Steinn Steinarr. Han debuterte i 1934. Den klassiske islandske modernisten kjem først no i vår tid ut som eit norsk breitt og fyldig dikt-utval. Tittel: Reise uten destinasjon. Forlag i Noreg er Bokvennen (2007). Eit solid arbeid med utval og gjendikting blei gjort av Kristian Breidfjord.
Og Breidfjord reflekterer grundig over gjendiktingsarbeidet som han gjer. Les forordet i boka. Forordet har fått noko av objektet Steinarr sin likeframme måte å forme på - og vere på. Vel, det byrjar på sogevis, slik:
Steinarr byrja som kommunist og endte sin veg som modernist, det er ei utvikling som ikkje er heilt eineståande for poetar, men heller ikkje det omvendte er eineståande. Og dette finn eg ikkje forunderleg. Her er da det kompromisslause diktet Selvportrett:
Poeten er svært populær på Island, og eg kan skjøne det.
Ps 29/4-08:
I Aftenposten for 16. april ser eg no at Knut Ødegård har ein meir kritisk gjennomgang av omsetjingane til Kristian Breidfjord, men eg er ikkje så sikker på at alle innvendingane som Ødegård har, er like vektige.

«En gang i midten av tenårene var jeg på min vante sommervisitt på Island, landet jeg vokste opp i.(...)»Styrken til Steinn Steinarr, som levde frå 1908 til 1958, er at han løper lina ut poetisk, slik som han får til her:
Diktet om veien
Se her gikk vi avsted
langs et gammelt veifár
i sluttet flokk.
Og vi tenkte djervt
at nei: kjente gikk før oss,
vi klarer oss nok.
Så fortsatte vi.
Det var ingen iblant oss
som kviet seg.
Da vi stanset opp.
Det var nattemørkt og øde
til alle sider,
og ingen vei.
Steinarr byrja som kommunist og endte sin veg som modernist, det er ei utvikling som ikkje er heilt eineståande for poetar, men heller ikkje det omvendte er eineståande. Og dette finn eg ikkje forunderleg. Her er da det kompromisslause diktet Selvportrett:
Jeg malte et ansikt på en vegg
i et avsidesliggende hus.
Det var et trett og sykt
og ensomt menneskes ansikt.
Og det stirret fra den murgrå veggen
ut i melkehvitt lys
et øyeblikk.
Det var mitt eget ansikt,
men dere så det aldri,
for jeg malte over det igjen.