|
Georges Brassens, torever
Fredag 21. Mars 2008 |
|
|
Han var ein av dei store heltane mine i snart femti år, artisthelt heilt frå at eg sansa stemma, og før eg forsto eit fransk ord... Men høyrer vi så mykje om Brassens no? For eit par dagar sidan fekk eg omsider eit treff på denne nettstaden på søkeordet Brassens. Eg har jo skrivi eit dikt til han, eit dikt eller to, og ein artikkel på nettstaden om å smile, faktisk, der Brassens er eit godt døme på alvorleg mine (sjølv om fyren på fransk i Frankrike er ein humorist og andletet hans under konsertar kan avsløre smil ved enkelte poeng).
Google og andre lenker:
Berre blitt 500 treff på norsk om Brassens . Eg har plassert direktelenke til det fine diktet mitt . Og her er den omtalte artikkelen om å smile, ein artikkel som i utgangspunktet har å komme med sjølvkritikk .
La meg vende tilbake til Brassens sin skjebne. Poeten og visesongaren har ein tekst om toreveret , dvs L'orage, dvs eit erotisk tema, skulle eg meine, iallfall det hos Brassens! Eigentleg blitt eit funn for meg i mange, mange år. Men no spør eg meg om Georges Brassens for vår tids mange menneske blir for litterær, for ironisk, altfor lite amerikansk, for gammal-proletær? Er han rett og slett for skeptisk til kjærleiken i L'Orage? I høve til heilt moderne tenkjing, i høve til slik som eg tenkjer...? Toreveret skal iallfall vere erotisk framleis, - eller øydelegg lynnedslaga harddisken på pc'en din på den lite sexye måten? Høyr opninga:
Parlez-moi de la pluie et non pas du beau temps
Le beau temps me dégoute et m'fait grincer les dents
Le bel azur me met en rage
Car le plus grand amour qui m'fut donné sur terr'
Je l'dois au mauvais temps, je l'dois à Jupiter
Il me tomba d'un ciel d'orage (...)
Ps 24/3-08: You Tube har mange mykje sedde kutt med Brassens.
Ps 3/5-08: Denne notisen om Georges Brassens nådde toppen på godt over 600 000 treff på søkeordet brassens (Live Search) .
|
|
|
|
|
|