Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Dikt av debutant
  Tirsdag 11. Mars 2008
La oss gå eit par år tilbake i tid. Her vil eg minnast dette: Det kjem ut ei diktbok av ein debutant som blir møtt med interesse. Slik startar eit av dikta i boka:
eit stort ærverdig kvitt hotell
ein sveitservilla av dimensjonar
eit prakthotell det går gjetord om
engelske lordar på laksefiske
husmorskule om vinteren
men i 1984 brenn det
blir berre forkola oske att
eigarane har hatt andre hotell
hotell som også har brunne ned
forsikringspremiar både her og der
folk mumlar, veit ikkje, men trur mykje
og hotellparet flyttar frå bygda like etter
eg er seks år, det blir første
verdshendinga eg hugsar

(...)

Heile diktet er om lag 10 gonger så langt, langdiktet. Våren seinare tar nokre lure pedagogar ut diktet til ein stor offentleg eksamen og gjer diktet såleis ei dyktig teneste. Dette registrerer eg som mange treff på nettstaden min på søkeorda Haust i Hardanger, tittelen på diktet... Det måtte bli slik, sidan eg skreiv om diktboka på nettstaden og har nemnd diktet i artikkelen. Og like til i dag (noko som er blitt eit år etter) kjem det dagleg vitjing på artikkelen og nettstaden pga det same diktet, diktet som står i boka Store stygge dikt .

Forfattaren, debutforfattaren, er Ruth Lillegraven. Slik blir også eit nytt dikt, og eit dikt av ein ung debutant her i landet, straks folkeeige.

No, dette diktet blei avgangselevane i Vidaregåande skole bedne om å «tolke». Dei fem ulike oppgåvene og reaksjonane frå lesarar ser du her .

På «Edels blogg» finst da heile diktet av Ruth Lillegraven . (Men under-strekingane i diktet er gjort av Edel, dei er ikkje i originalen.)


Nytt Mar 2008:

Georges Brassens, torever
Fredag 21.

Krigen i Irak
Onsdag 19.

Dikt av debutant
Tirsdag 11.

Billegbok og økonomi
Mandag 10.

Litteratur i Norden
Onsdag 5.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn