Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2008

Georges Brassens, torever
Fredag 21.

Krigen i Irak
Onsdag 19.

Dikt av debutant
Tirsdag 11.

Billegbok og økonomi
Mandag 10.

Litteratur i Norden
Onsdag 5.

Mandag 10. Mars 2008

Billegbok og økonomi

Det store stridstemaet i bokverda er stadig meir blitt billegboka (eller «pocketboka», slik ho også er kalt). Skal forlaga og bokhandelen tene på overgangen til billegbok og forfattaren samtidig tape store delar av sine inntekter? Eller skal alle dei tre partane i prosessen få sin del av fortenesta i bransjen?

I helga var eg på årsmøtet i Den norske Forfattarforeining, som no kjem i konflikt med forlaga og deira foreining. Forhandlingar går stadig føre seg. Forfattaren ventar ikkje like stor sum for ei bok på 98 kr som for ei bok på 398 kr, men den same prosentvise delen av bokprisen til boka sin forfattar er vel naturleg?

No er det slik at forfattaren, ifølgje gjeldande praksis og gamle avtale berre får 5 % for det som kallast billegbok, milevis unna det som bok-handelen og forlaget håver inn. Derfor køyrer forlaga ei utgjevi bok så raskt som mogleg over i billegbok-fasen, som gjev forfattaren nokre få tusen i inntekt. Det er dei fattige som før dei rike.




Ps 17/3: Utan samanheng med dette blei ytringsfridomsprisen, som DnF deler ut kvart år, gjeve til den kvinnelege kinesiske forfattaren Tsering Woeser, som har tibetanske anar og for tida er forbode i Kina, etter hennar diktsamling (på engelsk:) Notes from Tibet. Ho hadde heller ikkje løyve til å reise utanlands, derfor var den kinesiske ektemannen hennar (også han er forfattar) til stades i Oslo og tok imot prisen på hennar vegner. Alt dette gjekk på TV, Nrk og TV2. Og dette var ei stor oppleving for meg, tykte eg.

Eg, som er interessert i politikk og i ytringsfridom, kjende at dette var storpolitikk. Men dagar som har gått etter dette, har synt stor uro i Tibet , demonstrantar er skotne, meldast det, utanlandsjournalistar har alle blitt utviste, og internettsambandet til Tibet er brote.