Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2008

Skottår og friarar
Fredag 29.

Malaysia denne gongen
Søndag 17.

Partisk forlag
Lørdag 16.

Den samiske nasjonalsongen
Onsdag 6.

Henrik Wergeland
Fredag 1.

Marie Takvam
Fredag 1.

Fredag 29. Februar 2008

Skottår og friarar

Det er skottårsdag i dag. Sola skin. Og jenta er vakker. Eg er enkemann, eg var glad som gift og er glad som enkemann. Det er ikkje feil å bruke det? Skjæraasen skreiv ei ungkarsvise om «ungkarsvilje sterk som stål», ei vise som folk av min generasjon og eldre enn oss vil tenkje på av og til. Ein dose av «ungkarsvilja» er der jo, sjølv om ikkje ordet «ungkar» passar så særleg godt på aldersgruppa som eg tilhøyrer.

Eigentleg er dette emnet altfor lite tema i høviske dikt, men heller blitt ein langt større arena for blogging og nettprating og ulikt. Vi karar har no iallfall mange dagar å fri. Men eg trur at damer frir og får ja, stadig vekk heilt utanom denne eine faste skottårsdagen, som kjem berre kvart fjerde år. (Og mange damer i kongeriket kan både ha økonomi og hus og kva det skal vere av grunnlag.)

Skottårsdagen minner meg om kometar som vitjar jordatmosfæren vår sjeldan eller aldri. Det er ikkje slik det vil vere i praksis vel? Og må ein kar som er ugift eller enkemann, passe seg spesielt akkurat dagen i dag - og berre slå til på det beste forslaget?




Ps 5/3: No vart eg brått uviss; for det skulle ikkje vere nettopp Vidar Sandbeck da, som sto for ungkarsvisa, som eg hugsar så altfor godt? Kan nokon slå fast kven det er som er opphavet til denne visa, er det Skjæraasen, eller er det Sandbeck, bankmannen eller kommunisten? Ja, eg burde ha visst.



Ps 11/3 (etter årsmøtet i Den norske Forfattarforeining):

Dette er verkeleg pinleg: Eg hadde nok vori heilt på jordet. For ved hjelp av Åsmund Forfang og visse andre kom eg fram til at opphavsmennene til visa var to, ikkje Kurt Foss og Reidar Bøe, men rett og slett Engedahl og Stordahl, dette er tvers igjennom populærmusikk, og Ungkarsvalsen er riktig tittel. Heile mitt indre image som kjennar av populærmusikk og klassiske tekstar gjekk fløyten, pinleg. For Skjæraasen eller Sandbeck var feilval på «ungkarsvilja».


Ein av folket sine favorittar, på topp ti (melde Dagbladet 1/11-2005), er elles Ungkarssalme av Alf Prøysen , og det er «salme» ikkje vals.