Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Henrik Wergeland
  Fredag 1. Februar 2008
Anne-Lise Seip forsøkte seg med biografien i fjor, og med eit ein smule Welhaven-jubileum, å rydde plass til ikkje berre ein lyrikar som Johan S. Welhaven men ein verneverdig norsk aktør. Og målet var å sidestille denne med Henrik Wergeland. Alt no under den offisielle opninga av 200-årsjubileet for Wergeland ser vi at dette som historikar og forfattar Anne-Lise Seip gjorde i fjor, det berre gjer Wergeland enda større i år.

I går såg eg opninga på TV. Eg hadde grudd meg litt på førehand. Men dette var blitt mykje betre, tykte eg, enn opninga av OL i 94. For det var faktisk folkeopplysninga som sto i fokus. Massane er dei verkelege heltane kanskje. Ekspertar er heller ikkje å forakte. Portrettet av den rake Wergeland, passe lys-sett, raga opp som ein mellomting langt mellom Mao og Lennon.

Ved jubileet skal eg nok om att by på min litterært empatiske analyse av Henrik Wergelands Mjøsa-dikt. Eg går inn i soga. Ved Mjøsa-diktet blei poeten så hardt og bryskt ”tilbakevist” av Welhaven i 1832 .

Etter Flisa-seminaret om Jan Erik Vold i 1999 fekk eg eit oppdrag om å skildre aktøren Jan Erik Vold sett ut ifrå diktarsynspunkt , dette utførte eg, skulle berre mangle. Det fall meg naturleg same kva å jamføre Vold med blant andre mediemannen Bjørnstjerne Bjørnson, i somt er det rette parallellar imellom dei to, og eg respekterer da også dei både to typane mykje som politikarar og folkeopplysarar. Men Jan Erik Vold svarte meg i intervju (før artikkelen min) at han like gjerne hadde Henrik Wergeland som førebilete, det kunne eg også forstå.

Etter dei to siste prosabøkene til Vold kjem jo slektskapen mellom Vold og Wergeland enda tydelegare fram for oss alle. Dette sagt her for å forstå feiringa av Henrik Wergeland mynta på krigar som går føre seg i vår tidsalder, etnisk reinsing og skjebnen til jødane i Noreg under krigen vi fekk.


Nytt Feb 2008:

Skottår og friarar
Fredag 29.

Malaysia denne gongen
Søndag 17.

Partisk forlag
Lørdag 16.

Den samiske nasjonalsongen
Onsdag 6.

Henrik Wergeland
Fredag 1.

Marie Takvam
Fredag 1.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn