| Heim > Nytt | 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Jan 2008
Dokumentarisk Maier og Vold
Torsdag 24.
Folkeopplysning, dikt og vogging
Onsdag 23.
Camilla Granlien med Jarnnetter
Søndag 20.
Gjendikting
Fredag 18.
Revolusjonens Vladimir Majakovskij
Mandag 14.
Kristin Auestad Danielsens konsept
Tirsdag 8.
Nettreff på allslags poetar
Lørdag 5.
Torsdag 24. Januar 2008
Dokumentarisk Maier og Vold
Det finst ein naboskap mellom skjønnlitteratur, historie og journalistikk. I dette naboskapet har vel poeten Jan Erik Vold alltid vori. Og sterkare og sterkare har mønsteret kommi fram. Kva er det Vold gjer på området? Han utfordrar Noreg. For:
I 2006 gav Jan Erik Vold ut boka Motstand, som byggjer på, ikkje minst, Ragnar Vold sin antinazistiske journalistikk frå tidleg journalistpost i Hitler-Tyskland. Artiklane kan vere undervurderte som norske eller som internasjonale historiske kjelder; og dei ventar på nærare tolking av fag-historikarane, meiner no eg.
Så i året 2007 gav Jan Erik Vold ut dagbøkene til den unge austerrikske jødiske flyktningen Ruth Maier. Ho blei tatt i jøderazziaen 26.november 1942 i Noreg og drept i Auschwitz. På kommentarplass kallar Dagbladet det ”eit unikt austerriksknorsk dokument på veg ut i verda” .
Dessutan: Ruth Maier har, trur eg, ein svært freistande kode til korleis folk verkeleg og frimodig tenkjer, på mange av livet sine sentrale eller sine gøymde avsnitt. Og svært slåande er heile dagbokteksten f.eks. når det gjeld kjærleik.
Ps 30.januar 2008: I dag er det på dagen 75 år sidan Hitler kom til makta i Tyskland og verda gjekk mot katastrofen.
No blir Ruth Maiers dagbok lesi ved arrangement som minnest krigen .
Du finn også ei særs god, grundig litterær plassering av Ruth Maiers dagbøker hos Johannes Gjerdåker i Dag og Tid.