Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Folkeopplysning, dikt og vogging
  Onsdag 23. Januar 2008
Ein av dei utanlandske poetane som blei omsette til norsk i 2007, var Gabriela Mistral, chilenar, fekk fortent nobelpris i 1945. Omsetjaren av Mistrals dikt i utval, Tove Bakke, tykkjer i utgangspunktet at dikta hennar er vanskelege å skape om til norsk. Men elles er Mistral lenge kjend over heile Latinamerika som folkeopplysar og forfattar av vogge-songar og dikt for barn. Ho er på pengesetlane. Diktutvalet heiter Alle skulle bli dronning. Og her er da vald ut av meg Yo no tengo soledad, som på norsk lyder: Veit ikkje kva einsemd er:

Natta er åleine
frå fjellet heilt til havet.
Men eg sit her og voggar deg
og veit ikkje kva einsemd er.

Himmelen er åleine
når månen går i havet.
Men eg sit her og gyngar deg
og veit ikkje kva einsemd er.

Verda er åleine,
i kroppen stig eit vemod.
Men eg sit her og held om deg
og veit ikkje kva einsemd er.


Her er eit allsidig bokintervju gjort av Marte Stubberød Eielsen med omsetjaren, Tove Bakke.

Der går det fram at Mistral er eit kunstnarnamn som poeten tok seg. Eg låg og tenkte på namnet og andre namn ei natt og kom på at mistral er ein vind. Wikipedia fortel at vinden er ein kald vind som merkast i det vestlege Middelhavet og i område ved Adriaterhavet. Vinden kjem frå fjell lenger nord.


Nytt Jan 2008:

Dokumentarisk Maier og Vold
Torsdag 24.

Folkeopplysning, dikt og vogging
Onsdag 23.

Camilla Granlien med Jarnnetter
Søndag 20.

Gjendikting
Fredag 18.

Revolusjonens Vladimir Majakovskij
Mandag 14.

Kristin Auestad Danielsens konsept
Tirsdag 8.

Nettreff på allslags poetar
Lørdag 5.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn