Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Camilla Granlien med Jarnnetter
  Søndag 20. Januar 2008
Stadig vekk høyrer eg dei vakre orda i «Ei naki grein» på Nrk. Gjennom Camilla Granliens songrøyst og hennar band skjer det. Eg hugsar no frå det gamle gymnaset at vi var tre diktinteresserte kameratar. Vår eine kamerat var eldre enn oss andre to, og han var frå Lesja, altså frå same landsdel som forfattaren av Ei naki grein, Olav Aukrust frå Lom. Eg trur at diktet for Lesja-kameraten vår var eit stort favorittdikt, og han poengterte ofte for oss at det fanst mykje visdom i diktet, utan at han fann grunn til å analysere, berre sa t.d at opningslinja i diktet er ”smart” eller noko slikt: ”Ei naki grein med blodraud bær” får fram motseiing.

Han hadde nok rett den gongen, og den dag i dag tykkjer eg diktet er godt og likar at Nrk og Camilla Granlien med plata Jarnnetter brukar det. Denne ordglade bruken gjennom rytmisk musikk minner meg om gruppa «Tobben og Ero» og den overraskande store framgongen dei fekk med ny melodi og rytme (og særleg arrangement) til A.O.Vinjes dikt Den dag kjem aldri at eg deg gløymer . For nokre år sidan hadde diktet si store tid «På norsktoppen».

Her er så teksten,den smarte teksten, på
Olav Aukrusts
Ei naki grein:

Ei naki grein med blodraud bær
og ei som bladrik blømer,
på kvar sin måte fagre er
for den som kjærleg dømer.

Den eine gjev sin ange, ho,
der ljuv ho ligg og blømer.
Den andre gjev sitt hjarteblod
når lauv for haustvind rømer.

Den eine skin og strålar, ho,
den andre brenn og mognar
og gjev til sist sitt hjarteblod,
der tung av bær ho bognar.

*
Eg gav deg den med blomar på.
Eg gjev deg den med bæri.
Kven rikast er vil du få sjå
litt lenger fram på ferdi.

* Jarnnetter lar seg høyre. Med Tor Jonsson og Olav Aukrust.
* Fakta om Camilla Granlien Band .
* Solid og ambisiøs bakgrunn for mangslungen artist .


Nytt Jan 2008:

Dokumentarisk Maier og Vold
Torsdag 24.

Folkeopplysning, dikt og vogging
Onsdag 23.

Camilla Granlien med Jarnnetter
Søndag 20.

Gjendikting
Fredag 18.

Revolusjonens Vladimir Majakovskij
Mandag 14.

Kristin Auestad Danielsens konsept
Tirsdag 8.

Nettreff på allslags poetar
Lørdag 5.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn