|
Ny spalte: Artiklar
Mandag 15. November 2004 |
|
|
Nytt-spalta vil gripe korte notisar, slik som dei fleste notisane i spalta er, medan eg vil opne ei ny spalte for litt lengre, men likevel, for dei fleste sitt vedkommande, KORTE ARTIKLAR, eg meiner sågodtsom-korte artiklar bygd på noko skildring og bygd på både meir argumentasjon og meir eigne spissa påstandar, (meir) enn eg iallfall gjer i dei refererande notisane i spalta du les her, kalla Nytt.
Valet av format på dei to ulike spaltene, Artiklar og Nytt, har mest å gjere med eit ønske om rask kommunikasjon, og det har å gjere med avgrensa og enkle ressursar til å drive med informasjon og argumentasjon. I tillegg får eg jo hjelp av lesarar til tilbakemeldings-spalta, og eg legg ut kommentarar og litterære dommar frå media der, samt legg ut kommentarar og litterære dommar i Bøker-spalta (altså som gjeld forfattarskapen min tidlegare - og når det kjem til å peike på historiske ismar og aktuelle tendensar).
PS: Den 19.november blei det lagt ut to artiklar, ikkje heilt nye, men nokså nye, i artikkel-spalta. Da er vi i gang. Snart kjem den neste artikkelen, i form av eit eksperiment...
|
|
|
|
|
|