|
Nettreff på allslags poetar
Lørdag 5. Januar 2008 |
|
|
Folk som søker på nettet etter opplysningar om poetar kan bli storligen overraska. Eg har lagt merke til fleire gonger at verdsette poetar ikkje blir særleg omtalte i samanhengar «som ligg ute». Dette gjeld fortida sine poetar, slike som sjølvaste populære svenske Gustav Fröding eller t.d norske Olav Aukrust, med om lag like mange treff på dei to.
Jamføringsvis har dagens poetar fleire treff: Svenske Jenny Tunedal (dobbelt så mykje) eller danske Pia Tafdrup (firedobbelt så mykje)... I 2008 blir det feira stort jubileum for Olav H.Hauge (som blei fødd i 1908). Talet på treff for Hauge er no blitt om lag det same som på Pia Tafdrup.
Her er eit dikt av Fröding:
VÄRLDENS GÅNG
Havet välte, stormen ven,
vågorna rullade asklikt grå.
”En man är vräkt över bord, kapten!”
Jaså.
”Ännu kan ni rädda hans liv, kapten!”
Havet välte, stormen ven.
”Ännu kan en lina den arme nå!”
Jaså.
Vågorna rullade asklikt grå.
”Nu sjönk han, nu syns han ej mer, kapten!”
Jaså.
Havet välte, stormen ven.
|
|
|
|
|
|