Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2007

Omsetjing, gjendikting, pådikting
Mandag 31.

Julekveld i skogen på ny
Onsdag 26.

Lykka, den store
Onsdag 19.

Alternative juledikt
Mandag 17.

Mot straumen
Mandag 10.

Ord, ord, ord...
Onsdag 5.

Onsdag 26. Desember 2007

Julekveld i skogen på ny

Ein vakker dag kom eg over på nettet Astow Ericsons svært så kjende julevise Julekveld i skogen... Og mange gode år etter gjennombrotet i søndagsposten hadde han sjølv omsett visa si rett og slett til nynorsk og til eit heller passande nynorsk julespråk, med:
J U L E KVELD I SKOGEN
Astow Ericson ©


Det var julekveld i skogen. Langt frå byens ståk og larm
låg ei gammal husmannsstove, heller fattigsleg og arm.
Og i stova, som var nedsnødd av ei mengd med julesnø,
der låg gamlemor og gomla på si siste skive brød.
Gjennom frosne, sprokne ruter titta julestjerner inn
på dei salte juletårene på gamlas gamle kinn.
Og ved grua, der det ulma i ei juletyriflis,
sat han gamlefar og drøymde om ein gammal julegris.

Berre armod var å sjå på deira karge julebord.
All den julemat dei åtte var ein muggen fleskesvor.
Og i taket oste julelampa, raud som ein rubin,
der ho brende deira siste dropar juleparafin.
Alt som høyrdest denne julekveld av juleljod og låt
var dei gamles julejammer, deira julehulk og gråt.
Det var logn i juleskogen, men ein dompap sat og svor,
arg og gretten i eit juleband som var ifrå ifjor.

Brått vert julefreden broten: domme bjøller skranglar ilt.
Dei læt dommare og dommare, men slutleg vert det stilt.
Hysj, no høyrast glade julesteg, det knirkar i ei grind.
Sidan bankar det på døra, det er nokon som vil inn.
Men det var nok ikkje Julenissen, undrast kven det var?
Full av juleøl og julestemning kom det inn ein kar,
kledd i julepels, med julekoffert, briller og sigar
og ein juleklump i halsen då. han kviskra: Mor og Far!

Det var eldste son i huset, heile slektas svarte sau,
som i årevis var sakna, alle trudde han var daud.
Men no stod han der og julesong ein julemelodi,
då' han opna julekofferten med julegåver i.
Det var juletre med julelys og fat med julegraut,
og dei gamle åt og meiska seg så julefeittet flaut.
Og dei høyrde liksom englesong og juleklokkeklang
då dei begge to fekk kvar sin nye tanngard i presang.

Det vart logn og ro i stova, men frå opne julegap
kunne stundom høyrast eit og anna fælsleg julerap.
Og då fram på julebordet der kom skråtobakk og «gauk»,
gjorde gamlemor eit hallingkast så sengehalmen fauk.
Medan julenatta legg seg - full av trollskap og mystikk,
over juleglede, julestas og juleromantikk,
let vi julesongen ende, då dei gamles julekveld
nett blei slik vi alle venta: Det vart jul i stova lell!


Her er Astow Ericsons originale visetekst frå 1963 .