| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Des 2007
Omsetjing, gjendikting, pådikting
Mandag 31.
Julekveld i skogen på ny
Onsdag 26.
Lykka, den store
Onsdag 19.
Alternative juledikt
Mandag 17.
Mot straumen
Mandag 10.
Ord, ord, ord...
Onsdag 5.
Onsdag 19. Desember 2007
Lykka, den store
I følgje dikta mine er lykka ein sjeldsynt vare, iallfall hos meg. Diktet mitt frå 1967 om ventinga på «lykkens time» - - det sto trykt i tidsskrift da og i ei bok - eller tre : «Jeg skynder meg å løse knuten på skoremma,» byrja diktet. Nokre tiår seinare gjorde eg ei ny poetisk oppsummering:
Folk tar nok ordet lykke i sin munn, men skriv ikkje ordet altfor ofte. I haust var eg med på juryen etter ein lokal konkurranse i stilskriving for både ungdomsskolar og vidaregåande - . Til den konkurransen hadde ungdommane problem med å definere og greie ut om lykka, merka eg meg. Men derimot seksåringar, dei tar det ikkje så nøye med å forklåre, og dei fortel viljug vekk om lykka, slik som med følgjande fem sitat:
Tre gonger kjende eg drag av lykke, som nittenåring den gongen og som femtiåring to gonger. Eg tok meg fri midt på grusvegen. Sjølve augneblinken var vennlig, tida var vennlig.
Langs ein grusa veg. Før ein heilt vanlig husvegg.
Folk tar nok ordet lykke i sin munn, men skriv ikkje ordet altfor ofte. I haust var eg med på juryen etter ein lokal konkurranse i stilskriving for både ungdomsskolar og vidaregåande - . Til den konkurransen hadde ungdommane problem med å definere og greie ut om lykka, merka eg meg. Men derimot seksåringar, dei tar det ikkje så nøye med å forklåre, og dei fortel viljug vekk om lykka, slik som med følgjande fem sitat:
1. «Hestesko som bringer lykke til barna. Dei er så heldige å bli ein del av lykka...» 2. «Den giraffen fann seinare ein gris som han blei kjærast med, og dei fann lykka til slutt...» 3. «Den andre giraffen gjekk for seg sjølv, var sint og lei og likte inga lykke...» 4. «Neste morgon går så feane ut og hentar lykke til barna som er døpte. Blomane var venner med feane også for lenge sidan...» 5. «I skogen var det mykje blomar og fear som sende brev til kvarandre og lykke...» [Min merknad: Alt dette er berre tekst til seriar med glansbilete sett inn i perm.]