Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Tirsdag 27. November 2007

Søppel er filosofisk

Filosofifestivalen går vidare. Mange kom i år på den nye festivalen, ja. Tema for festivalen i 2008 blir søppel . Søppel blir ofte vist til som noko negativt, men slik ikkje for Ernst Orvil, i avisdiktet hans 18/12-1972 for Dagbladet. Bakgrunnen var ein avisfeide kring Arild Nyquists nye bok, som avisa VG med svær overskrift på framsida kalte for SØPPEL:


SØPPEL

Si ikke at søppel
er søppel. Søppel er
noe mangetydig og
lite definerbart. Askeladden
stanset engang og sa:
Jeg fant, jeg fant,
og i søppelet fant han
prinsesse Jønsson.

Det halve kongerike brydde
han seg mindre om.
I juli, i juli,
i jui er
alle jenter glade. I desember,
i desember, i desemnber
er mange drømmer døde.

Vær ikke hovmodig, kjære
hovmodige leser,
når du leser
et uleselig dikt. Dikteren
er ikke hovmodig

Diktet var eit debattinnlegg. Det finst ikkje så mange dikt med tittelen Søppel... Med det same som eg presenterer Orvils dikt, kjem eg på ei anna soge. Kort: På haustutstillinga 2000, i Bergen kunstmuseum, hadde Kjartan Slettemark fått eit stort rom til rådvelde for seg sjølv. Slettemarks arbeider her var det store lyspunktet på heile utstillinga, m.a. imponerte han med dei mange lysande «blomane» framstilte av oppklipte colaboksar.