Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2007

Søppel er filosofisk
Tirsdag 27.

Tverrkulturelt og tverrestetisk
Onsdag 21.

Bra med årbok for litteatur?
Tirsdag 20.

Sjokk i bokhandel og bibliotek
Søndag 18.

Den russiske revolusjonen i 1917
Torsdag 8.

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith
Torsdag 1.

Onsdag 21. November 2007

Tverrkulturelt og tverrestetisk

Nokre namn kjem igjen i ulike samanhengar. Det var Ivar Orvedal. Dei første åra trefte eg på Ivar Orvedal som intens musikkskribent. Deretter trefte eg på han som original poet. No ser vi same fyren som kraft i Non Pluss Ultra. Og dette er ikkje reklame for akevitt; Ultra er konsertar der original poesi, musikarar og dansarar går saman:
NON PLUS ULTRA


OSLO:
Søndag 25. november, Café MIR, kl 21.00
Mandag 26. november, Sound of MU, kl 21.00

BERGEN:
Tirsdag 27. november, Vamoose, kl 22.00
Onsdag 28. november, Logen bar kl 20.00

FØRDE:
Torsdag 29. november, Pikant kl 21.00
Fredag 30. november, Gamlebanken kl 19.00
Her er lista over deltakarar som går inn i ulike kombinasjonar:
NON PLUS ULTRA:

Nils Økland (hardingfeler - viola d'amore)
Sigbjørn Apeland (trøorgel)
Kari Malmanger (vokal - sampling)
Nina de Heney (kontrabass)
Sanjally Jobarteh (kora - vokal)
Solo Cissokho (kora - vokal)
Snorre Bjerck (trommer - perkusjon)
Seblewongol Kefele (afrikanske eventyr - dans)
Ivar Orvedal (poesi - perkusjon)
Berhanu Mekonen (billedkunstnar)
Marek Gonda (fujara – sekkepipe – fløyter)
Øyvind Skarbø (trommer - perkusjon)
Åshild Lerpold (dans - performance)
Ingeborg Sanders (dans - performance)
Britt Pernille Frøholm (hardingfele - sampling)
Bjarne Iestra (sax - sampling)
Slik presenterer gruppa seg:
«Non Plus Ultra er eit tverrestetisk og fleirkulturellt kollektiv av utøvarar; Kvar for seg framifrå; Saman ein smeltedigel av klang som rører ved poetiske aspekt som ikkje kan fangast i ferdig definerte disiplinar. Non Plus Ultra hentar ut både det vakraste og det styggaste; Leitar fram både groovet og det symfoniske; Det globale og det lokale; Forløysing av energi og personleg form i spekteret mellom kaos og stille.»
Ivar Orvedal blir bra presentert på Norsk Forfattarsentrum, Orvedal har ein eventyrleg samansett cv . Året 2008 skal i Noreg så visst kunne bli til Mangfald-året, slik kulturministeren ønsker. Da må dette året bli Ivar Orvedal-året, så vidt eg kan sjå.