Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2007

Søppel er filosofisk
Tirsdag 27.

Tverrkulturelt og tverrestetisk
Onsdag 21.

Bra med årbok for litteatur?
Tirsdag 20.

Sjokk i bokhandel og bibliotek
Søndag 18.

Den russiske revolusjonen i 1917
Torsdag 8.

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith
Torsdag 1.

Tirsdag 20. November 2007

Bra med årbok for litteatur?

Finst det noka årbok for litteratur? Hei, finst det noko om ny litteratur utover lanseringane som er regisserte av forlag og aviser, og finst det noko utover litteraturprisar og litteraturkonkurransar?

Kvart år gjev Det Norske Samlaget ut årbok som drøftar både litterære tendensar og litterært innhald i det føregåande året. Årboka eksisterer og har eksistert i årevis. Og artikkel-lista baset på utgjeve litterært stoff som representerer året 2006, finn du her .

Eg har i lengre tid vori opptatt av kva Jørgen Magnus Sejersted skriv i årboka om poesifeltet. Han har tatt føre seg så mange som 16 diktbøker frå 2006 og prøver å orientere seg i heilskapen. Og tankane mine finn du da på denne nettstaden ved å trykke deg inn på Tilbakemelding og på overskrifta «Diverse tilbakemeldingar» (frå 7/11). Den største grunnnen til engasjementet mitt er at Sejersted søker å utplassere boka mi - bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar - i ein heilskap og at han har følgjande konklusjon på «lyrikkåret 2006»:
Difor, om det er ein tendens å sjå i lyrikkåret 2006, må det vere ei konsolidering av den modernistiske tendensen som nok, trass i alle nye forsøk og retningar, har vore dominerande i norsk lyrikk frå 50-talet og fram.(...)