| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Nov 2007
Søppel er filosofisk
Tirsdag 27.
Tverrkulturelt og tverrestetisk
Onsdag 21.
Bra med årbok for litteatur?
Tirsdag 20.
Sjokk i bokhandel og bibliotek
Søndag 18.
Den russiske revolusjonen i 1917
Torsdag 8.
Konseptpoeten Kenneth Goldsmith
Torsdag 1.
Søndag 18. November 2007
Sjokk i bokhandel og bibliotek
Ein gong for snart eit kvartsekel sidan fekk eg sjokk da eg kom inn i den lokale bokhandelen på heimstaden, og eg noterte da ei delvis «munter» soge om det som hende, kva anna kan ein gjere.
Eit nytt sjokk fekk eg, da eg kom inn i biblioteket for få dagar sidan, og såg all litteraturen som låg ute på bord til ein pris av ingenting. Det lokale biblioteket er i stor framgang etter å ha flytta inn i eit større og betre plassert lokale, men har altså likevel plassmangel, både i hyller og på lager.
Dette var bøker som skulle ut, og eit par dagar seinare var prisen pr svært tunge «handlepose» (bøker er tungt å bere) blitt 10 kroner. Eg kjenner jo godt dei som jobbar der, og for å gjere det lett for meg, hadde den eine bibliotekaren alt fylt opp ein plastbag for meg med eldre dikt-samlingar, og desse har eg ikkje rukki eingong å sjå titlane på, eg måtte handle ny bokhylle i går. Men m.a. ikkje reint få av dei eldre samlingane frå Kolbein Falkeids hand var med... Elles var det jo alle slags bøker med i dette lite reklamerte utsalet.
Nedover i denne notisen frå Vise- og lyrikkfestivalen kan du lese noko om Kolbein Falkeid som deltakar .