Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2007

Søppel er filosofisk
Tirsdag 27.

Tverrkulturelt og tverrestetisk
Onsdag 21.

Bra med årbok for litteatur?
Tirsdag 20.

Sjokk i bokhandel og bibliotek
Søndag 18.

Den russiske revolusjonen i 1917
Torsdag 8.

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith
Torsdag 1.

Torsdag 1. November 2007

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith

No er Kenneth Goldsmith i Noreg, han skal snakke på poesi-festivalen i Oslo i morgon .

I Audiatur sin store katalog for 2007 seier han dette definerande om «konseptuell poetikk»:
Konseptuell skriving, eller ikke-kreativ skriving, er en poetikk for vår tid, en som smelter avantgardeimpulser fra forrige århundre sammen med moderne teknologi, og som antyder felt for det 21. århundrets poesi. Denne nye skrivingen nøyer seg ikke med å være bundet fast til boksiden, og morfer derfor fra den trykte siden til websiden, fra galleri-lokalet til forskningslabben, fra poesiopplesningens sosiale rom til bloggens sosiale rom.(...)
Goldsmith går straks vidare i det same artikkelavsnittet (artikkelen er omsett av Stian Kristensen) med meir praktisk forklåring - og fleire interessante verknader - på lager. Berre merk dette:
Det er den stadige forandringens poetikk, som feirer ustabilitet og usikkerhet. Og selv om utøverne ofte kommer fra disipliner utenfor litteraturen, rammes arbeidet inn av poesiens diskurs og økonomi: arbeidene blir motatt av, skrevet om, og studert av poesilesere. Frigjort fra kunstverdenens markedsbegrensinger, og fra data- og forskningsverdenens kommersielle begrensinger, skaper poesiens ikkeøkonomi et fullstendig verdiløst rom der disse verdiløse verkene kan blomstre.(Sitat slutt)

Ps 3/11: Eg høyrde på Kenneth Goldsmith og kanadiske Derek Beaulieu og den etterfølgjande paneldebatten, det gjorde eg fordi Ottar Ormstad kontakta meg. Det kjem seinare nokre kommentarar frå meg til desse tre etterfølgjande evenementa under poesifestivalen, og eg er framleis i Oslo.


Ps 5/11: Kenneth Goldsmiths sin «skoletime» var prega av ein mann med rik røynsle framfor forsamlingar, og han var ikkje redd for å bruke dei store eller uventa orda. Når han sat og følgde manus, skotta han heile tida opp, med kvikk guteaktig mine. Kva sa han så til festivalen? Han refererte m.a dei to heilt sentrale avsnitta over, som eg drog fram frå Audiatur-katalogen.
Pluss: 1) Han presenterte ein definisjon av «collage», den noterte eg: Collage er to smakar ført saman av ein tredje smak. Om det er hans eigen definisjon, er det skarpt sett og treng ros.
2) Han formulerte «thinkership» framfor «readership» i litteraturen. Og da stilte eg meg straks spørsmålet om han ikkje sette noko anna framfor også «thinkership»?
3) Han gjentok ein argumentasjon om at vi ikkje treng meir tekst, at vi flyt over av tekst og derfor har nok av dette. Derav uttrykket som han står for: nonceative writing (=iallfall eit godt humoristisk slagord). Men Goldsmith skriv da sjølv verk som er nokså kreative, skulle eg meine? Til dømes den teksten hans som inneheld alt han sjølv sa i ei heil lang veke, eller så, tatt opp med påmontert mikrofon. Her ser vi elles eit døme på bruk av moderne teknologi... Og likevel har eg vel ofte inntrykk av at mange spennande poetar ikkje ser godt den tradisjonen som dei står på med ein fot i. Det dei trur er nytt, heilt nytt, er ikkje fullt nytt, medan det nyaste hos dei ikkje blir sett og formulert.

Etter Kenneth Goldsmith kom Derek Beaulieu med meir atterhald til poesiretninga. Om seg sjølv sa han: «Sometimes konseptuell, mostly concrete poetry». Og i paneldebatten som følgde, hadde både Ulf Karl Olov Nilsson, Monica Aasprong og Gitte Broeng ei meir søkande og fleirtydig innstilling enn leiaren for konseptpoesien bruker å halde fram. Gitte Broeng la vekt på - først og fremst - eit konseptuelt rammeverk... Nilsson hevda at den biografiske lesinga alltid er der. Gitte Broeng ville ikkje gje slepp på «det poetiske auget», noko som straks førte til ein debatt i salen denne kvelden. And that concludes the votes from the Norwegian jury. Ha ein fin kveld.