Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Nytt  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Collage i musikk
  Søndag 21. Oktober 2007
Laurdag debuterte eg med eit «fleirkulturelt mediedikt». For kunstnar-gruppa Bølgeblikk, der eg er medlem og der det var leveringsplikt, ho opna si «haustsalong»-utstilling. Så fekk eg æra av å presentere ein installasjon og gjere performance på opninga. Eg hadde tatt med meg ein kjøkkenkrakk, eit noregsglas og musefella Rapp Norwegen. Men det kan vanskeleg skildrast i ord, kva eg gjorde. Og ein god del var mynta på lokalt publikom, Kragerø. (Eg kom direkte frå folkevaldopplæring etter kommunevalet, noko eg peika på.)

I kunstlokalet står flygel. På dette spela eg eigenkomponert stykke, med tittelen «Heile tonar i opus». Deretter gjekk eg direkte over utan pause til Perdido (ordet tyder «mista»), dette var ein sjølvlaga «smørbrød-variant» av Juan Tizols komposisjon i Duke Ellingston sitt orkester, der Tizol (Puerto Rico) spela i mange turnear (før han slutta av omsyn til familien sin). Rett frå Perdido (altså på tangentar) så song eg folkevisa Katta ligger under ovnen sjuk; denne visa var skrivi opp i Kragerø, og ho blei seinare innlemma av Edvard Grieg i samlinga Norges melodier. Men visa er lite kjend pga det manglande nasjonalromantiske innhaldet.

Dette musikalske var ikkje ein suite eller eit potpurri, heller ikkje ein «medley», men ein collage! Eg brukte det nye ordet «kjellarblikket», å ta fram kjellarblikket, på objekta mine. Tittelen på heile innslaget blei naturleg nok: Kva er kunst?


Ps 8/11: Seinare på Oslo poesifestival høyrde eg den amrerikanske konseptpoeten Kenneth Goldsmith sin definisjon av collage: «Collage er når to smakar blir førte saman av ein tredje smak.» (Eg håper at om-setjinga frå engelsk er god. Hugsar ikkje orda.)


Nytt Okt 2007:

Dikt og vald
Torsdag 25.

Collage i musikk
Søndag 21.

Dikt på tema
Søndag 14.

Beatpoesi i kortformat
Onsdag 10.

Sicko og Che
Tirsdag 9.

Ord i andre instans, Bergen
Tirsdag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn