Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Dikt på tema
  Søndag 14. Oktober 2007
Fleire diktbøker i 2007 følgjer opp ein tendens frå i fjor til å komponere og konsentrere nye diktsamlingar rundt eit relativt konkret tema, slik at lesaren kan gå til diktbøker for å finne stoff til eit tema.
Eksempelvis slike rammer som dette:

Mor som stoffmisbrukar og klagande dotter på rømmen (Ingeborg Arvola si bok: 40 postkort).

Mor som mistar eit barn (Synnøve Persen si samisknorske bok: av skogens sus spirer nytt).

Mann skriv ein sjølvbiografi (Hans Sande si diktsamling Gjer deg mjuk. Smyg deg inn).

Om ekteskapsbrot og kjærleik i beatdiktform (Hege Susanne Bergan si bok: Ikke noe av dette står om livet ).

Er slike temarammer som dette ein måte å «stramme grepet» i dikt på - , f.eks slik som bokmeldaren Helge Torvund vurderer Ingrid Storholmen si nye (si tredje) diktbok Siriboka - ?




Ps 17/10: Skomakernes konge av Sigbjørn Skåden er blitt nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2007 . (Denne norsksamiske diktsyklusen har originaltittel Skuovvadeddjiid gonagas og er gjendikta av forfattaren.) På grunn av dei utlånte fotoa som illustrerer boka, blir det til at eg, og sikkert andre, les teksten som ei reise (og som sogestoff). Og dette er eit forsonande trekk ved eit sterkt materiale.

Ps 2/12. Synnøve Persen er nominert til Nordisk råds litteraturpris 2008 frå samisk område for (sjå over) av skogens sus spirer nytt, som opp-havleg heitte: Meachi suvas bohciidit ságat.


Nytt Okt 2007:

Dikt og vald
Torsdag 25.

Collage i musikk
Søndag 21.

Dikt på tema
Søndag 14.

Beatpoesi i kortformat
Onsdag 10.

Sicko og Che
Tirsdag 9.

Ord i andre instans, Bergen
Tirsdag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn