Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2007

Dikt og vald
Torsdag 25.

Collage i musikk
Søndag 21.

Dikt på tema
Søndag 14.

Beatpoesi i kortformat
Onsdag 10.

Sicko og Che
Tirsdag 9.

Ord i andre instans, Bergen
Tirsdag 2.

Onsdag 10. Oktober 2007

Beatpoesi i kortformat

”Ikke noe av dette står om livet” heiter diktdebuten til Hege Susanne Bergan. Den greie og muntlege tittelen er symptomatisk for diktspråket i boka, som eg først og fremst les som beatpoesi. Musikalske er desse dikta.

Enkelte som les denne diktdebuten, vil hekte seg opp i ei ung kvinne sitt erotiske forhold til ein gift mann, ein mann som er eldre enn henne. Og dei vil lese boka som lagt over denne temalesten. Somme vil sakne at boka tilfører noko som ikkje er kjend frå ulikt kulørt eller avansert romanstoff. Men eg trur neppe det erotiske temaet er aller viktigast i denne ”songen”. Det er noko hjelpelaust og samtidig godt formulert som er meir grunnleggjande for kommunikasjonen i denne songen.

Ein årsak til at somme lesarar leitar etter eit konkret tema å konsentrere seg om, er ein trend i tida, også i lyrikkutgjevingane. I fjor haust kom t.d Odveig Klyve ut med ei fin bok som tematiserte kjærleiken mellom mor og vaksen dotter når mora får alzheimer og blir sterkt trengande til nær omsorg. Eller overført: Kjensler mellom to personar svært nærståande når den eine blir avgjerande personleg redusert. Altså eit tema som er sjeldnare skildra konkret - trass alt - og mindre banalt enn den kjensle-messig vanskelege og moralsk vanskelege erotiske utruskapen.

Korleis gjer Bergan det elles når ho byggjer opp dikta? Ei klår side ved Bergans beatbok er mangelen på rotfeste i eit landskap. Dette er storby-poesi, og både eksteriør og interiør og det sosiale er nærmast utelatt i denne komposisjonen. Her er så vidt eit universitet, så vidt nokre forbi-passerande, så vidt ei heis, men ingen folk å helse på på gata.

Men det levande notidige norske språket er igjen, og der syner Bergan eit stort talent. Nesten alle dikta er bygde på 2 - 3 heile setningar, som så er fordelte utover nokre fleire verslinjer. (Og somme gonger bruker ho berre ei setning, som så er delt i vers til dikt.) Men alt er så dyktig gjort. Her kjem side 51:
Jeg lå med ham
fordi du hadde lovet
at da ville du ikke
ligge med meg lenger

nå ligger vi her igjen
og føler oss lurt
Eg får ikkje vondt når eg les dette. Det er så rett fram og gjennomført smålåtent (dette er også gjennomført ved layout og ved bokutstyret) og samtidig musikalsk (*). Eg spår at denne boka, nettopp på grunn av det musikalske og det greie, vil få ein del lesarar; det vil det - sjølv om nok diktmoralen sine vaktarar vil rynke på nasen og seie ”banalt” eller seie ”forterska” eller grynte ”umoralsk” om personane. For beatpoesi, særleg ein beatpoesi utan det altfor påtatte djupsindige, vil alltid møte motstand frå enkelte fagekspertar. Alt i alt er denne debutboka middels modernisme og har dikt som fortell om eit talent.


(*) Bruken av l med «trykk», her: lå, ligge, ligger, lovet, lenger, lurt - det byggjer opp diktet formelt, men varsamt og balanserande.



Ps 13/10: Beatpoesi er openhjerta om seksualitet på ein syngande måte, slik også dikteksemplet over viser..... Elles blir Hege Susanne Bergan brukt som eksempel på ny norsk lyrikk i tilbakemeldingsspalta under ei overskrift som «middels modernisme».