Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Sicko og Che
  Tirsdag 9. Oktober 2007
Che Guevara er inne i mediabiletet igjen. I dag, 9. oktober, er det akkurat 40 år sidan argentinaren Ernesto Che Guevara blei drepen, dvs. avretta, av bolivianske soldatar og CIA-folk i den vesle byen La Higuera.

På fredag såg eg Michael Moore sin levande film Sicko, om amerikansk helsevesen... Den realityTVaktige dokumentaren ender med at Moore, som spelar seg sjølv i filmen, tar med ei gruppe skadde heltar etter 9/11-terroren i New York (der Moore bur for tida) ulovleg til Cuba og let dei treffe brannvesenet på Cuba og elles få all medisinsk hjelp som dei ikkje har fått i US.

I Cuba, eit fattig og lenge altfor isolert land, er som kjend helsevesenet offentleg og garantert innbyggjarane. Vi mange som har vori på ferie på Cuba , fekk dermed ein ekstra, ekstra bonus på slutten av denne Moore-filmen, i og med dette velplasserte cubanske innslaget.

Michael Moore er opphavleg frå Flint i Michigan, noko som plar vere eit motiv i filmane hans (også her), Moore er fødd i 1954 og ser rund og middelaldrande ut, mykje sånn «heftig & begeistra» også i utsjånaden... Han er ein politisk «liberalar» og skal vere praktiserande katolikk, iallfall ein av dei mektigaste opinionsdannarane i USA med dei seks strålande filmane sine , der Nixon og Reagan og Bush den yngre får unngjelde - også i Sicko - på nytt og igjen på ein underhaldande måte, men alltid dokumentarisk.


Den cubanske lyrikaren Nicolás Guillén er omsett til norsk .


Nytt Okt 2007:

Dikt og vald
Torsdag 25.

Collage i musikk
Søndag 21.

Dikt på tema
Søndag 14.

Beatpoesi i kortformat
Onsdag 10.

Sicko og Che
Tirsdag 9.

Ord i andre instans, Bergen
Tirsdag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn