Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr 

Nytt Nov 2004

Systemdikt -
Onsdag 24.

Klikk på eit dikt
Mandag 22.

Ny spalte: Artiklar
Mandag 15.

Lunsj -
Torsdag 11.

Biografiar i stort
Torsdag 4.

Torsdag 4. November 2004

Biografiar i stort

Det er Marie og Knut i år. Om Marie og Knut har vi hatt filmar og skodespel - og i haust altså to store biografiar. Det vil seie Kolloen har skrivi om Marie og Knut, i alle media, og Jørgen Haugan har gjort ein «litterær biografi om Knut Hamsun»: Solgudens fall. Solguden er personen Knut Hamsun som løyser seg frå alle menneskelege og andre hindrande band for sjølv-utfaldinga si. Når det gjeld Knut Hamsun er det eit breitt stoff å spenne opp, i og med at vi har stornazisten i tillegg til den verdskjende forførande diktaren. Ja. Vi har noko å lære både av Kolloen og Haugan når det gjeld å rulle opp tidlegare tiders strev for å skjule stornazisten i norsk litteratur. Både Marie og Knut (Hamsun) var stornazistar alt før verdskrigen, og dei heldt fram under krigen, og dei gjekk i grava utan å gå tilbake på sine politiske synsmåtar. Usemja mellom dei galdt taktikk, og ho galdt makta i familien. Men eigentleg er det vel Haugans «litterære biografi» som er dristigast av haustens alle biografiar og fortener mest ære - iallfall frå meg. Søkelyset hans på den nietzscheanske modernisten gjennom Hamsuns heile forfattarskap - ikkje berre gjennom 1890-åra, men heilt fram til etterkrigsboka 1949 frå oldingen, apologien «På gjengrodde stier» - er verdt å stoppe opp ved og få med seg. Fascinerande lesnad.

Som 20-åring las eg mykje Hamsun, og i BOK finst ein rask parodi på Hamsun-epigonen. Parodien på epigonen har fanga Hamsun best med setninga: I morgon skal alle snakke om meg! Hamsun var nemleg ein litterær meister i forføring og i dette å skape blest om eiga verksemd. Han tok ingen omsyn på tvers av dette formålet.

I min eigen omtale av «Slutningar til knes» har eg insistert på noko eg kan kalle lyriske biografiar. Eit slikt omgrep kan eg knytte til lyrikk frå/i 1960-åra, td til Richard Brautigan, som er omtalt saman med Jan Erik Vold i føregåande notis.