|
Ord i andre instans, Bergen
Tirsdag 2. Oktober 2007 |
|
|
Kor viktige er eigentleg orda i den store samanhengen? For nokre veker sidan såg eg Liv Holtskogs dikt Før orda er songen. Ja, diktet er kommi ut i Holtskog si nye diktsamling, men eg las det bak på Dag og tid:Bylgjer bårar i barnebrystet
I strupen stig bublar frå ukjend djup
Ein liten tone voggar fram
Barnet gurglar
smiler i svevn
Gleda og songen
Ein kvitrande fryd før orda
Diktet fortel oss at noko kjem før orda, noko grunnleggjande kjem før. Og i ein paneldebatt laurdag under Audiatur, Bergen, spissformulerte Leevi Lehto, han er finsk diktar busett i Helsingfors, at: «Noko er meir grunnleggjande enn orda. Men kva så dette er, det har vi ikkje namn på.» (fritt omsett frå eit Lehtosk «barbarengelsk»)
Lehto, som for meg var nok ein poesifinne med fortid planta i politikken, grunngav språksynet sitt med følgjande observasjon (sitert frå 15.rad): «Språka er klassespråk.» Det er skjedd eit klimaskifte i synet på språk! For da eg i august skulle dikttolke bokstavteppa til Ottar Ormstad, blei det skapt følgjande spontane dikt:Kvifor skal orda råde i verda?
Kvifor skal orda råde i verda?
- kvifor skal bokstavar leggjast på teppe?
er det fordi vi skal tenkje
og komme nærare kvarandre?
la ikkje orda få råde for mykje
la bokstavane få danse
vi må la armane få bokse
la armane få jobbe
la bakaren få bake lalala
og kua få gå på gras
la kua få snakke
dette er kanskje eit kvad til kua
kua er så glad i ø
Øøø! Ø-lyden er ikkje ukjend på fransk: På Audiatur laurdag kveld drog 75-årige Jacques Roubaud sin «fisken sin song», med munnen open (=ø), liksom i vatn (dvs mime). Og da han enda meir skulle streke under alle poenga sine, drog Roubaud «den franske fisken sin song», på same måten, men slik at vi kunne sjå at rytmen gjekk på Marseillaisen sin rytme. Det var akkurat som om forsamlinga i Teatergarasjen blei letta - .
Barnebarnet mitt på snart seks fekk dessverre ikkje vori med på dette... Men ho fekk med seg Lehto sitt lange Norwegian ords på Hordaland kunstsenter tidlegare på dagen og likte det. Diktet er skrivi på norsk, eit språk som Lehto ikkje kan, men som han les svært energisk. Berre synd for kommunikasjonen at det langstrekte lokalet som blei brukt, minner mest om eit landsmøte med dei leiande kadrane plassert på dei fremste radene - og kanskje «rølpen» heilt der bak - .
Også paneldebatten var der - , med sterke danske Mette Moestrup som motor; men det er ei anna soge. (Ho er kvass både som poet, som inter-vjuobjekt og som rolleanalytikar.) Festivalkatalogen er i år på 830 sider! Her er program, presentasjonar, dikt, essay m.m. Også på denne tredje festivalen er Paal Bjelke Andersen og Audun Lindholm allestadsnær-verande og intense. (Og Susanne Christensen var god konferansier på poesikvelden.) Vel. Eg nytta høvet til å finne, kjøpe Jacques Roubauds (omsette) lewis' mangfold av verdener og samtidig Caroline Bergvall sin eigenantologi (på engelsk) Fig. Med dei båe sin rykande autograf... Deretter drog eg til Kattuglebrotet.
Kontrollspørsmål: Er ikkje filmane
klassefilmar?
Nynorsk er eit nydemokratisk klassespråk.
Ps 3.okt: Litt meir frå Audiatur. Som svar på eit spørsmål frå Tyra T. Tronstad i tilbakemeldingsspalta mi brukte eg eit par deltakarar frå Audiatur, Tomomi Adachi og Linn Hansén , slik du ser 30/9 og 3/10. Elles ser de dei mange deltakarane, som eg ikkje fekk omtalt, på lenka over - og foto f.eks her .
Ny kontroll: Snakkar kyrne fransk - ? (I så fall kan Lehto berre snakke med dei, sidan han mest av alt er ein poesiambassadør.)
|
|
|
|
|
|