|
Altfor etablert middels modernisme?
Fredag 21. September 2007 |
|
|
er spørsmålet som er blitt stilt. Noko skjedde dette året. Det strøymer da på med dikt, ser vi . Men eg får mindre å skrive om når hovudstraumen av diktproduksjonen går imot sentrum og sentrum. Og dette minner om dei politiske partia i Noreg, for dei går imot same sentrum.
Poesien endrar seg frå år til år på ein merkeleg måte. Og eg er da mest opptatt av det grensesprengande, eventuelt overfor publikum, slik som i artikkelen min Konkret i poesi? - basert på tendensar i 2004-bøkene . Diktning som driv i retning av veletablert modernisme, har eg ikkje så svært mykje å seie om. Og den kommentaroppgåva skal eg mykjegodt overlate til andre.
Men eg skal da ikkje skjære alt og alle over ein kam, så langt ifrå. Også diktbøkene i haust vil eg lese og trivast med. Og sjølv kan eg hive meg utpå ein kombinasjon av biletkunst, ord og musikk på ei Bølgjeblikk-utstilling i oktober. Det blir debut - .
Ps 3/10: Tyra Teodora Tronstad ba meg gje nærmare forklåring på kva eg meiner med «sentrum» og «middels modernisme», noko eg så har prøvd å gjere i Tilbakemeldingsspalta.
|
|
|
|
|
|