|
Jon Hjørnevik frå Voss
Lørdag 15. September 2007 |
|
|
Det kjem mange framståande personlegdomar frå Voss. Kjenner du Jon Hjørnevik? Kanskje ikkje. Men han er godt kjend på Voss, pluss på dei mange plassane der han har lesi dikta sine... Naturleg nok, skal du sjå. Her er ein oversikt over desse mange destinasjonane som Hjørnevik har registrert på nettstaden sin.
Jon Hjørnevik (f.1970) har m.a. gitt ut tre diktsamlingar, den siste var Shortsen til far min, som kom for eit par år sidan. Her er titteldiktet . For min del høyrde eg mange av dikta til Jon Hjørnevik bli solid lesne på Kragerøs pub Jensemann i går kveld - - av ein lokal biletkunstnar, Ivar Skogvold.
Og eg har sjølvsagt ein del meiningar om dikta ut over stand up-verdien som dikta faktisk har. Førebels må eg gje dikta ein generell ros og også gje ein ros til forlaget, som er det nynorske Det norske samlaget. Ja, på Voss er dei gode på språk, meiner eg, berre tenkj på Per Sivle , fødd for akkurat 150 år sidan.
|
|
|
|
|
|