| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Aug 2007
79 diktbøker i 2007
Søndag 26.
bokstavteppe på Briskeby
Fredag 24.
Ingmar Bergmans testamente
Søndag 19.
Utfordrande historiske dokument
Torsdag 16.
Elektroniske dikt i Paris
Søndag 12.
Dansekonkurranse igjen
Onsdag 1.
Fredag 24. August 2007
bokstavteppe på Briskeby
I går var eg med på å opne ei utstilling med bokstavteppe i Galleri Briskeby. Det var sjølvsagt Ottar Ormstad som hadde laga ei slik utstilling .
Eg kom rett frå Aschehougs tradisjonelle hagefest, der det var tjokka fullt i det jazzige storfine sommarveret, derfor hadde eg ikkje med blomar til utstillaren. Men der var det også tjokka fullt - og eigentleg gitt svært mykje blomar til Ormstad. Likevel hadde eg med eit spontandikt , som eg las opp, eit momentandikt som faktisk bygde på røynslene med Ottar Ormstad sine bøker og skreiv seg frå omgang med utstillingane hans, inkludert bokstavteppa; der diktet mitt blei utløyst av å sjå det utvalde plakatteppet for utstillinga (det var laga med bokstavane i «aldri»).
Fleire var med og opna, ja. Pål Bergersen trekte opp nokre instruerande liner i verka til Ormstad, på ein humoristisk måte; før så kunstnaren & forfattaren sjølv tok ordet og m.a avslutta ved å lese eit bokstavteppe med lange fascinerande enderim. Alle i opninga trekte liner til 1960-talet. Folk var nokså lenge i galleriet og ute på gata/ fortauet, før det gjekk imot eit nachspiel på Lorry, dit også hagefesten - forsyne meg! - hadde flytta seg. Ormstad hadde slekt og vener, forfattarar og andre rundt seg, i ei stor forsamling, og eg blei kjend med nye menneske.
Da står det igjen å reklamere for utstillinga og den lekre katalogen med bokstavteppa attgjevne. Galleri Briskeby på Briskeby - .