Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2007

79 diktbøker i 2007
Søndag 26.

bokstavteppe på Briskeby
Fredag 24.

Ingmar Bergmans testamente
Søndag 19.

Utfordrande historiske dokument
Torsdag 16.

Elektroniske dikt i Paris
Søndag 12.

Dansekonkurranse igjen
Onsdag 1.

Søndag 19. August 2007

Ingmar Bergmans testamente

Ingmar Bergman, som døydde 30.juli, blei gravlagd på heimstaden Fårö (Gotland) i dag, les eg på tekst-TV. Prestesonen Ingmar Bergman blir heidra med ei minnegudsteneste fredag i Visby domkyrkje. Etter eiga oppfatning mista Bergman kristentrua alt som niåring.

Det er blitt sagt ved Bergman sin bortgang at filmane hans står seg i dag, jamført med mange andre sine filmar produsert i same tidbolk. Kvifor står da filmane hans seg så godt?

(Personleg må eg seie at eg hugsar enda betre Erik Byes eldre TV-intervju med Bibi Andersson enn eg hugsar fleire av figurane som eg såg Bibi Andersson spele i Bergmans filmar. Men eg skal endeleg sjå desse filmane om igjen, no etter all tida som er gått.)

Ingmar Bergman etterlet seg eit formidabelt livesverk .