|
Utfordrande historiske dokument
Torsdag 16. August 2007 |
|
|
Artiklar skrivi av Ragnar Vold i Dagbladet om framveksten av nazismen i Tyskland, er no samla og gitt ut i bokform. Dette har historisk verde. Kvifor har ingen hisorikarar til no gitt noka vurdering av materialet.
Det er framleis tyst i avisene, og boka kom ut sist haust. Spørsmålet er: Korleis møtte ein den gongen i Noreg (ved ein einsleg norsk utanriks-journalist?) fåren frå Hitler-Tyskland? Så langt er eg skuffa over at alle historikarane er tyste. Utfordringa mi er: Korleis vurderer historikarane i dag materialet til ”norsk presses ubestridt ledende anti-nazistiske penn gjennom hele tredvetallet” (Sitatet er frå Arne Skouen)
Ei anna side ved boka er den biografiske skissa over journalisten Ragnar Vold. Dette er ei sak for seg. Så får heller litteraturvitarane dømme om kor inspirert forfattaren Jan Erik Vold er av faren, Ragnar Vold, si tidlege anti-nazistiske verksemd. Det er Jan Erik Vold som har gitt ut artiklane og redigert boka. Ragnar Vold levde frå 1906 til 1967. Tittel: Motstand.
På nettet kan ein finne bokmelding av t.d statsvitaren Bernt Hagtvedt .
Her noko (intervjustoff) om arbeidet med boka .
Jan Erik Vold møtte elevar på Laksevåg vidg skole om politikk og faren sin.
|
|
|
|
|
|