Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2007

Snø og kunst
Fredag 27.

Satire i eventyrverda/ Potter
Søndag 22.

Drangedal Bortforklaring
Søndag 15.

Vise- og lyrikkfestival
Lørdag 14.

Bokbyen, Tvedestrand
Lørdag 7.

Slam, ikkje spam, Gvarv
Tirsdag 3.

Fredag 27. Juli 2007

Snø og kunst

For tida, no denne veka, kan du sjå 13 kunstutstillingar i kommunen. Eg har vori inne på det før: ein tørst etter oppleving. Vi snakkar t.d om eldre kunst, om nyare kunst, om lokale og langvegsfarne innslag. Vel, om du er interessert: Dei mest nasjonalt kjende av kunstnarane som blir utstilte i Kragerø no, skulle eg tru var Frits Thaulow, Finn Graff, Morten Juvet og Tore Juell. (Frits Thaulow er forresten blitt den tredje mest kjende norske kunstnaren gjennom tidene i Frankrike, har eg høyrt.) Eg ville seie litt om Tore Juell her, det har vori utstilling for han i Kragerø tre år på rad.

Først skal eg registrere her at det finst relativt kravlaust stoff om kunst og musikk på nettet, iallfall finst lite analytisk stoff; det ser ein når ein jamfører med stoffet om litteratur. Opplevinga er nok viktig i kunst og musikk. Når det gjeld måleri kan ein leggje vekt på sal på utstilling. Når det gjeld populærmusikk kan ein leggje vekta på publikumsoppslutning på konsert. Likevel skulle det vori meir av enkel analyse, tenkjer eg om kunst og musikk, når eg ser det relativt skrinne tilbodet på nettet.

Det er fire ting som fascinerer meg ved Tore Juell:
1. Portretta som han målar (ofte etter oppdrag internasjonalt).

2. Og dei flotte vinterbileta. Svært mange meiner at Kragerø, der kunstnaren er ifrå, er eit eldorado om sommaren. Kvifor målar da kunstnaren så mange og store vinterbilete?

3. Snøen står fromt i fokus på vinterbileta, ikkje individa. Tore Juell kan sorga å kapsle inn livet og overlevinga i snømengder. Istadenfor personar måla han dei aller siste åra klynger av hus pakka i snø, Kragerøklynger. Dette er natur og arkitektur som menneskeleg metafor. I den ferske utstillinga på Nicoline har snøen fått enda meir varme og lys. Eit bilete av brøytekant på Utsikten har snø som tar form av kremkakefest. Snøen, som Tore Juell er ein rein meister i å måle, er på bileta frå i år knytta enda tettare til temaet hans: lyset!

4. Ja, bilete med mykje lys. Sjølvsagt kjem skuggar som byggjer opp Juells knips av lyset, sollyset. Etter ein sjukdomsperiode nyleg er bileta hans sikre invitasjonar til å gå inn i naturen, inn i og gjennom perspektivet. Dei fine naturskildringane hans er blitt til reine festinvitasjonar. Grunnen til at Tore Juell får det så godt fram, er den overlegne teknikken som blei utvikla gjennom alle år. I fjor gav så kunstnaren ut boka Årstider - Kragerø , med sin eigen tekst.


Og eg har skrivi noko enkelt om ein annan norsk målar med utstilling på Nicoline. Her er noko frå meg om antikrigs-ikonet Per Kleiva .