Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2007

Snø og kunst
Fredag 27.

Satire i eventyrverda/ Potter
Søndag 22.

Drangedal Bortforklaring
Søndag 15.

Vise- og lyrikkfestival
Lørdag 14.

Bokbyen, Tvedestrand
Lørdag 7.

Slam, ikkje spam, Gvarv
Tirsdag 3.

Lørdag 14. Juli 2007

Vise- og lyrikkfestival

For ei tid sidan kasta eg meg på eit gratis spamfilter-tilbod. Og det er vidunderleg å sjå, for ein elektronisk avhengig som meg, korleis spam-posten samlar seg i ei eiga fil (med t.d 20 nattspam), som kan reingjerast med eit par tastetrykk. Ei god melding til: For tida er det oppslutning og fullteikna over alt. Dette er jo triveleg for alle. Nesten same kva som blir arrangert, er det fullt av folk. Som de hugsar var det sterk tilstrøyming på ein filosofifestival. Kvifor? Folk vil vere saman, folk er tørste, folk vil bruke hovudet.

Vi nemner i fleng frå dei siste dagane: Ustillingsopningar. Føredrag om trajansk eller hadriansk arkitektur. Stand up. Er det konsert da? Det er kjerkekonsert, det er teltkonsert, det er fyrtårnkonsert, det er revy osb. I dag skal vi på Skåtøy lyrikk- og visefestival og høyre m.a veteranen Kolbein Falkeid framføre saman med Nils Økland. (Det blir vel også ein rapport derifrå som ps.) Ha ein fin dag.




Ps dagen etter: Det var ein fin dag, fin både med Steinar Ofsdal og hans to Afrika-gjester Aw og Sereba (som fekk mange barn fram på scena for å spele med); fint også med Falkeid og fiolinisten Nils Økland; fint med damene Rita Eriksen /Anita Skorgan /Hilde Heltberg (=Queen Bees), dei tok for seg coverlåtar; og til sist fint med den nye irske gruppa (Bunnan Beo) som Alf Cranner hadde henta hit frå den store grønne øya.... Der-etter gjekk ferja for dei som ikkje skulle vere med vidare, på nachspiel-musikken i nærkaféen.

Kolbein Falkeid las dikt til Ingvar Moe og til Pablo Neruda.... Eg merka meg uttrykket «Kjeften er rød» i det siste diktet (og i fleire dikt). Falkeid peikar med finger og arm, nesten i eit slags døvespråk, og står elles så trygt og roleg på scena. Han les myndig, med utprega skarre-r og trykk på orda, medan han snakkar annleis lett i kommentarane. Dette gir ein god kombinasjon. Kolbein Falkeid rår også over viseforma, som vi veit (frå gruppa Vamp), og han knytar svært mykje av det som er populært i lyrikken saman, alt frå sjømannsposituren og frå det milde i den milde varianten av Rolf Jacobsen like til det dobbelt dokumentariske frå 1960-åra (da Falkeid debuterte).

Vel. Mange av dikta til Falkeid handlar om horisontar, sa Nils Økland , kompanjongen med fela, i det vanskelege veret for nok felestemming. (Det har de heilt sikkert skjønt lenge, sa han.) Og noko av den same store spennvidda som hos poeten fann vi hos denne felespelaren, nemleg ei spennvidde frå det tradisjonsrike folkemusikalske mot eit intenst område i «ny musikk».

Avslutningsvis får eg vel seie at Kolbein Falkeid høyrer til ein slags visdomstradisjon, og det bruker eg diktet Det hender på som døme:
DET HENDER

at stoff forvandles
etter lang tids lagring.

Saft går over til alkohol,
alkohol til eddik
og - ikke sant? -
bedrøvelse til spott.