|
Bokbyen, Tvedestrand
Lørdag 7. Juli 2007 |
|
|
Kva er ein bokby? I morgon skal vi reise nokre mil og svippe innom bokbyen i Tvedestrand. Og før - for nokre år sidan - såg eg bokbyen som blei starta i 1995, inne i naturskjønne Fjærland, Sogn. Vel, i morgon kveld kjem eg til å høyre på Terje Dragseth. Og det blir eit referat her. Nok no med ei lenke .
Referat søndag 8/7: Ein bokby i Tvedestrand - det kan vere ei mengd bokhandlarar på rekkje og rad, over tjue i talet, bokbyen kan vere den største bokbyen i verda. Ein bokhandel kan vere søndagsstengd, men bokhylla står på trappa, slik at du kan forsyne deg for ei lesestund på hytta og sleppe myntane gjennom nøkkelholet i bokhandlardøra.
Alle slags bøker kan du få tak i ved å reise til ein bokby, alle slags tema, nye og gamle bøker etc etc. Det berre spørst kva du leitar etter. For tida er det full turisme i Tvedestrand, freistande maritime måltider i nedre del av byen, den delen der husa er eldre og ikkje er forsynte med verandaer i særleg grad. Men med opne byrom. Var det Tvedestrand som var det kjende «Trangvik» kanskje?
Den eldste delen av Tvedestrand ligg ned mot den tronge Tvedestrand-fjorden. Men kommunen er vid, og han inneheld også store øyer og opne havstykke (Lyngør fyr). Ved Sagesund ligg vakre Galleri Sage-sund, der opna det i går ei utstilling med Kjell Nupens grafikk (da med temaet «løpande» som det sterkaste temaet). Og Atle Pakusch og Terje Dragseth underheldt med poesi og musikk, i hagen.
Ja, Terje Dragseth brukte både trekkspel og ei myndig lese-røyst for å servere dikt frå Kvitekråkas song . Ikkje hadde eg høyrt det før. Mål-føret hadde minningar til gammalnorsk... Det hadde elles tatt opp i seg Kristiansandsdialekt og nynorsk. Poesien bruker mange portar og legg trykket på lyd på vegen til kjensler - . Kvitekråkas song rommar også ein cd med sju spor. (Etter å ha høyrd også på cd: Eg trur eg kan seie at Terje Dragseth er ein av dei som blomstrar i det estetiske klimaet som finst, både pga samfunnsengasjementet hans og pga den sterke vilja hans til å utfordre heile estetikken gjennom det mulitikunstnariske.)
På dette viset er det ei slags ferietid over nettstaden (eg meiner fuglar og slikt); det er villbringebær, markjordbær og opplæring av dei minste barnebarna - .
|
|
|
|
|
|