Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2007

Snø og kunst
Fredag 27.

Satire i eventyrverda/ Potter
Søndag 22.

Drangedal Bortforklaring
Søndag 15.

Vise- og lyrikkfestival
Lørdag 14.

Bokbyen, Tvedestrand
Lørdag 7.

Slam, ikkje spam, Gvarv
Tirsdag 3.

Tirsdag 3. Juli 2007

Slam, ikkje spam, Gvarv

Moro med dikt, moro med diktlesing?.. Det kallast poesi-slam og er ein diktkonkurranse med avsluttande landsfinale i Noreg kvart år .

Og landsdelskonkurransen for meg den tar Leonardos øre på Gvarv seg av, d 12. juli. Eg er påmåmeld for å trene på diktkommunisering, som ein del av «den sosiale treninga» eg driv med meg sjølv, for moro skuld, og også ein del av den almenne diktutviklinga i landet, skulle ein tru. De må derfor komme og høyre på, de som kan.... Og slik skriv arrangørane om reglane og om kvelden (Vigdis Hjorth er konferansier).



Ettersom eg godt kjende finalistane i slam 2005, skreiv eg den gong ein «inneforstått» kommentar .



Ps fredag 13/7: Det tar si tid å vere med på slampoesi og køyre i mørkret 36 og 353 og E18 heim til Kragerø etterpå. For vi var mange deltakarar i konkurransen, uvanleg mange, heile 12 i dette feltet av NM i slam. Jørn Berget gjekk til topps og skal vidare til feltet i Drammen til hausten. I alt blei det lesi 36 dikt, som alle blei vurderte av fire publikumsjuryar etter kvar innsats, med poeng 1 - 10. Viktig: Tilhøyrarane var ei stor utandørs forsamling ved Kjernehuset på Gvarv, så dette inneber faktisk eit større diktarrangement, der publikum er aktive heile vegen. Og konferansieren, Vigdis Hjorth, gjorde mange raske analysar ved å gå inn i kvart einaste innhopp, i regelen trefte ho bra, før juryane så gjorde sine utrekningar (som måtte gå fort). Det blei sagt av avisa Varden, der det var eg som blei avbilda, at det var eit snilt diktfelt i Gvarv. Men det var også eit snilt publikum, som klappa til alt. Vi mangla - av ein eller annan uviss grunn - unge rapparar i arrangementet. Men dei kjem nok til i Drammen.

Fleire detaljar frå dysten finn du borte i Tilbakemeldingspalta under overskrifta «Schubert-Dag og Tid-Helge Rykkja».

Jørn Berget las frå debutboka si frå i fjor, Ut av spell, som er blitt mykje positivt omtalt og også blir positivt tatt imot på heimebane (Jobbar i Bø). Han satsar fint, tykkjer eg, på det konkrete og muntlege som det poetiske grunnlaget. Diktet Brokkolikvaster på buttikken , som han avslutta konkurransen med, tar opp i seg slike kvalitetar og rommar t.d desse fem populære verslinene, like etter innleiande diktstart:
Her ligger brokkoli'n

Den har kommi seg opp a' jorda

pressa ut forgreiningene

heist dusken mot solskinnet

supt opp i seg no' vann

(...)