| Heim > Nytt | 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Jun 2007
Dikt som lydbok
Tirsdag 26.
Lyrikk frå alle tider
Mandag 25.
Estetikk og politikk
Lørdag 23.
Eit afghansk dikt?
Onsdag 13.
Arild Nyquist pietist?
Onsdag 13.
Bendik Wold og syndromet
Lørdag 9.
Tirsdag 26. Juni 2007
Dikt som lydbok
Edvard Hoem er ein kjend forfattar som satsar på lydbok-marknaden. Og med sitt eige lydbok-forlag - Karviland - kolporterer han også kollegaer som Tove Nilsen og Dag Solstad. Sist, men ikkje minst, gir Hoem ut dikta sine frå Du er blitt glad i denne landet (frå 1982) som lydbok. Edvard Hoem er kjend for sitt gode samarbeid med musikarar, spesielt med komponisten og musikaren Henning Sommero. På denne omfangsrike lydboka slår dei seg laus, også med nyare materiale; og dei har med seg saksofonist John Pål Inderberg.
I samband med denne Karviland-utgjevinga legg eg ut bokmeldinga mi frå 1982 av Du er blitt glad i dette landet for nettstaden, i berre lettare redigert form.
Det vil sikkert bli svært interessant framover med ein lydbok-marknad, som skal vere i rivande utvikling.
I følgje Hoems forklåring - til avisa Klassekampen - er lydboka ein heilt eigen og for lite utforska sjanger. Det er heller ikkje tilfeldig at nettopp Edvard Hoem tyr til ei lydbok som poesi-medium, meiner eg.
For min del tykkjer eg at det alltid blir mykje papir i poesien. Jamfør da også sjanger-debatten for tida .